Forfattarar står i kø for Rolf Sagen

Jon Fosse, Ragnar Hovland, Erlend O. Nødtvedt og Henning Bergsvåg er fire av mange som hyllar forfattarkollegaen Rolf Sagen i kveld.

STORMØNSTRING: Rolf Sagen (til h.) blir heidra av Erlend O. Nødtvedt (til v.), Henning Bergsvåg og ei rekke andre forfattarar i kveld. Skrivekunstakademiet legg temakvelden sin til arrangementet og Norsk Forfattersentrum Vestlandet legg medlemsmøtet sitt dit.

— Det vanlege er at store menn og legender blir hylla når det er for seint. Det er så mange som set pris på Rolf, at me bestemte oss for å seia det til han direkte, fortel Henning Bergsvåg, som saman med forfattarkollega Erlend O. Nødtvedt arrangerer Sagen-kveld på Cafe Opera i kveld.

BT møter dei tre på eit frukostmøte der programmet skal snikrast. Sagen veit i grunnen ikkje så mykje meir enn at han er heidersgjesten, men det kjem for ein dag at både Jon Fosse, Ragnar Hovland, Cecilie Løveid, Tormod Haugland, Øystein Vidnes og Øyvind Ådland på talarlista. Fosse riktig nok ikkje i eigen person, men han har skrive eit nytt dikt til venen som skal urframførast denne kvelden.

— Det spesielle er at han har betydd så mykje for så mange unge forfattarar, seier Bergsvåg, og trekk fram den leikne, absurde stilen til Sagen.

Allsidig

Hovudpersonen sjølv skal opna ballet med å lesa det aller første diktet i den aller første diktsamlinga si, "Dørklinker" frå 1968. — Det står eg framleis ved, seier Rolf Sagen.

Sagen er utdanna klinisk psykolog og jobba nokre år på Sandviken sykehus før han gav seg til fordel for forfattarverksemda. Han er Skrivekunstakademiets far, og fekk det på beina i 1985. Som leiar og lærar der, har han spelt ei rolle for mange forfattarspirer. Både Bergsvåg og Nødtvedt fortel at tilbakemeldingane hans har hatt direkte betydning for forfattargjerninga deira.

— Men det aller viktigaste er at bøkene hans har betydd så mykje for meg. Dei opna auga mine for kva som er mogeleg å gjera i ei diktsamling. I "Eg reiste gjennom dette mørke landet og møtte deg" (1991) og "På søvnen høyrer eg. Ein song" (1992) står det eigentleg ikkje så mykje. Han har fokus på klangen, seier Nødtvedt, som sjølv har gjort lyduttrykket til eit varemerke.

- Stor påverknadskraft

Bergsvåg oppdaga Sagen på skulebiblioteket då han var 15. — Der stod det ei lilla bok med bilete av ei veldreidd dame utanpå. "Mørkets gjerninger" var ikkje så veldig saftig, men der var nokre hint, seier han.

Bergsvåg fortel om forfattarkollegaer som kan sitja fleire timar saman og snakka om Sagen.

— Me oppdaga at alle hadde eit forhold til han. Den eine etter den andre hadde blitt inspirert av han og hadde ei anekdote å fortelja. Det finst eit stort ungt miljø som er inspirert av ein mann som er relativt ukjend. Han har stor påverknadskraft, seier Bergsvåg.

- Heimleg feste

Jon Fosse har eit nært forhold til Sagen. Om kva han har betydd for han som forfattar, svarer Fosse slik:

— Rolf har hatt mykje å seia for meg som menneske, og difor nok òg for det i meg som skriv. Nett korleis kan vera vanskeleg å seia. Men kanskje me på kvart vårt vis har hjelpt kvarandre med å halda ut, og å halda fram. Det er ingen som skriv slik Rolf gjer, heller ikkje eg gjer det. Han har si røyst. Men kanskje har eg lært noko om korleis det vestlandske kan sjåast av å høyra på den røysta. Kven veit.

— Korleis er han som ven?

— Me har kjent kvarandre i tretti år. Og vore vener om lag like lenge. I nokre år var vi kollegaer på Skrivekunstakademiet – det var han som i si tid fekk meg til å byrja der – og etter den tid har vi trefst jamleg. Vi har prata om alt mogeleg, men helst om livets meir trivielle saker, kjøp av skor, om livet på land og sjø, om landskapet ved Sognesjøen. Av og til også om litteratur. I dei åra eg reiste mykje rundt til teaterpremierer i diverse utland, var desse samkomene med Rolf eit slags heimleg feste, nesten, skriv Fosse i ein mail til BT.

Når me spør Sagen om han veit grunnen til at folk skal gjera slik ære på han, svarer han:

— Det har eg også lurt mykje på.