Dei ukjende superheltane

I USA har dei vore store sidan 1930-talet. Noreg måtte få Hollywood-hjelp før dei klassiske superheltane slo gjennom.

Publisert:

Captain America, Thor, X-men, Spider Man, Iron Man, og Batman. Dei fleste har sett dei sparka rumpene til skurkar på lerretet dei siste åra. Men ikkje alle har lest teikneseriane dei er basert på.

Det har definitivt Mike Perkins og Howard Chaykin gjort. Dei to har teikna stort sett alle dei store heltane, og er på plass i Bergen for årets teikneseriefest: Raptus-festivalen.

— Eg bur i ein liten by, der ingen på førehand hadde høyrt om Iron Man. Men då traileren til filmen kom, gjekk folk bananas. Dei var galne etter han, seier Chaykin, som sjølv har teikna jernmannen.

Dårleg business

Filmane tener inn millionar av dollar verda over på superheltane. Men når det regnar på filmstudioet, drypp det ikkje på teikneserieskaparen.

— Dei som ser filmane, er ikkje dei same som kjøper teikneseriane, seier amerikanaren.

Kollega Mike Perkins er delvis ueinig.

— Nokre seriar har fått oppsving på grunn av filmane. Men den største skilnaden er at folk blir meir klar over kva du gjer når du seier du er teikneserieskapar. Hadde du sagt til nokon for tolv år sidan at du teikna X-men, ville dei ikkje visst kva det var. No veit dei det, på grunn av filmane, seier han.

I Noreg har aldri superheltane slått heilt an i bladhyllene, i motsetnad til i USA.

- For innfløkt

Øyvind Holen, teikneseriemeldar og journalist i Dagens Næringsliv sitt magasin D2, meiner det er delvis fordi serieuniversa er så innfløkte.

— Ein må nesten ha grunnfag i superheltar for å komma inn i det, seier han.

— Og i starten blei ting publisert litt tilfeldig på norsk. Det var ein god periode på 1980-talet, men ikkje nok til at det skulle gå rundt.

Han meiner det er overraskande at superheltfilmane går såpass bra på kino her i landet.

— Sjølv med litt obskure figurar som Iron Man, går det bra med filmane. Men det får ikkje konsekvensar for teikneseriane. No er filmane blitt lokomotivet, snarare enn teikneseriane, sjølv om superheltane har fått ein renessanse over heile lina.

DC vs. Marvel

Den store kampen i superheltuniverset har stått mellom to amerikanske selskap – DC og Marvel. Førstnemnde er kjend for mellom anna Supermann og Batman, medan Marvel står bak både Spider-Man, Iron Man, Thor og Captain America, for å nemna nokre.

— Desse to selskapa har heile tida kjempa ein kamp om å fanga lesarane. På nittitalet skrella Marvel vekk mykje gammalt ræl, tok tak i dei klassiske historiene og oppdaterte dei for eit nytt tusenår. Dermed har dei òg fått det til med filmane, sjølv om dei òg har hatt ein del fiaskoar, seier han og nemner blant anna "Daredevil" og "The Punisher".

DC byrja med suksess med blant anna Tim Burton sine Batman-filmar på slutten av 1980-talet. Sidan gjekk det dårleg, før dei henta seg inn att med dei mørkare Batman-filmane som kom på 2000-talet.

— Dei rota seg litt vekk med nokre snodige Batman-filmar etter kvart, seier Holen.

- 11. september står bak

Holen meiner superheltane står seg best i krisetider.

— Eigentleg har populariteten stått sterkt heilt sidan dei først dukka opp i USA på 1930-talet. Men dei kjem kanskje mest til sin rett i periodar med motgang – som under andre verdskrig, og under faren for atomkrig på 1980-talet, seier han.

Superheltane har for alvor slått tilbake etter terroråtaka i USA 11. september for ti år sidan, meiner teikneseriemeldaren.

— Like etter 11. september lanserte Marvel mange seriar om kvardagsheltar som politimenn og brannmenn. Men så brukte dei etterdønningane av terroren til å revitalisera superheltane. I Marvel-universet blei det blant anna borgarkrig, der den amerikanske presidenten hadde laga ei lov om at ein måtte registrera seg for å vera superhelt. Der hadde du den regjeringstru Iron Man på eine sida, og den skeptiske Captain America på den andre, seier han.

Politiske superheltar

Teiknarane Perkins og Chaykin meiner seriane framleis leiar soga om superheltane.

— Ja, filmane erstattar oss. Men dei er framleis eit biprodukt av seriane, seier Howard Chaykin.

— Filmindustrien vil alltid sjå utover etter noko å bli påverka av – anten det er bøker, teikneseriar eller kva som helst, samtykkjer Mike Perkins.

Om dei skal velja ein superhelt som representerer dagens politiske bilete, er dei òg samstemde: Delt førsteplass til Batman og Captain America. USA-patrioten fordi han er oppteken av håp, og Batman fordi han har retten på si side.

— Batman hadde ein dårleg dag då han var liten, og meiner difor han har retten på si side. Han brukte pengane han arva etter foreldra til å kjøpa masse kule leiketøy han kunne bruka til å gi skurkane juling, seier Chaykin.

SUPERJOBB: Howard Chaykin (venstre) og Mike Perkins bur i USA og teiknar superheltar. -I USA er det slikt ein gjer for å tena pengar. Eg er ei hore, eg innrømmer det, seier Chaykin.

Publisert: