Lekker finanskrise

Visuelt glimrande film som går seg litt vill.

  • Jan Stian Vold
    Jan Stian Vold
    Nyhetsredaktør
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 12 år gammel

«Mongoland»-regissør Arild Østin Ommundsens siste Stavanger-film er ei oppvisning i lekker presentasjon. Kombinasjonen av vakkert biletspråk og nydeleg, smakfull filmmusikk av Thomas Dybdahl (hans debut som filmkomponist) gjer det heile estetisk svært tiltalande.

Jonny Kristiansen (Christian Rubeck) er headhunta som seljar for finanskonge Fredrik Sagen (Fridtjov Såheim) sitt imperium i Stavanger.

25 år gamle Jonny går langt i å ofra seg for å nå til topps i eit nådelaust og kynisk finansmiljø.

Etter kvart dukkar ein skugge frå fortida opp – broren Frank, glimrande spelt av Kristoffer Joner. Han har tidlegare jobba som oljearbeidar for Jonnys nye sjef, og blitt alvorleg sjuk av å ha pusta inn giftig gass på jobben. Det same gjeld faren til dei to brørne, som det står endå verre til med.

Både far og bror meiner Sagen visste godt om helsefaren arbeidarane blei utsette for, og dei vil ha Jonny til å infiltrera miljøet og avsløra sjefen.

Han nektar først, men etter kvart som han oppdagar alt det skitne som ligg bak Sagens verksemd, endrar han meining. Dermed viklar han seg inn i eit spel med store følgjer.

Christian Rubeck, sist sett i «Max Manus», gjer si første hovudrolle på lerretet, og kjem godt frå det. Han maktar å få fram dei indre konfliktane som herjar med Jonny.

Sjølve historia er både intrikat og interessant. Men eg saknar litt meir psykologisk spenning. Store element i Jonnys kamp mot Sagen blir brått avslørt, og eg opplevde det som om progresjonen i handlinga til tider stoppa opp, og at det tok lang tid før neste utvikling.

Utan inngåande kjennskap til finansmiljøet, skal eg ikkje gå nærare inn på kor realistisk det blir framstilt her. Med høg sigar— og champagneføring veltar dei unge Stavanger-broilerane seg i stripparar, festing og luksusliv.

Alt i alt: svært godt presentert, med gode skodespelarprestasjonar. Men litt retningslaust til tider.

HARALD ESPELAND

Er du enig med vår anmelder? Si din mening her.

Kulturredaktørens utvalgte

Nyhetsbrev Jens Kihl er kulturredaktør i Bergens Tidende og gir deg hver torsdag de beste sakene fra kulturverdenen.
Publisert
  1. Film
  2. Filmanmeldelse
BT anbefaler

Her strømmer de på for å gjøre gratiskupp: – Vi hadde ikke forventet så mange folk

Køen av unge mennesker strekker seg flere hundre meter i solskinnet.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Mener for få bergensere kjenner dette stedet. Nå tar de grep.

  2. Her renner potensiell strøm rett ut i havet

  3. Ampert på Kvarteret i natt

  4. «Nå har Frp fått saken de har ventet på»

  5. Begynte på ny skole: – Fikk bøker og ble sendt hjem

  6. Får tusen kroner i året for hver pasient han har: – Vi er veldig fornøyde