Ønskjer en meir fargerik dagsrevy

Dagsrevyredaksjonen er kvit og etnisk norsk. Noman Mubashir etterlyser ankerpersonar og reporterar med fleirkulturell bakgrunn.

Publisert Publisert

– Det vil gje eit viktig signal, seier den norsk-pakistanske NRK-profilen, som er aktuell som programleiar for «Drømmerollen» på NRK1 neste veke.

– Alle ankerpersonar og reportarar i Dagsrevyen er kvite, og etnisk norske. NRK hadde rett nok Mah-Rukh Ali, men TV 2 klarte å gripe fatt i henne. Det er synd. NRK burde gjort mykje meir for å halde på henne, seier Noman Mubashir.

Han drøymde sjølv om å bli ankermann i Dagsrevyen etter fem år i NRK Østlandssendingen.

– Eg veit at Dagsrevyen ønskjer journalistar med minoritetsbakgrunn, men eg fekk aldri store løfte frå leiinga. Då underhaldningsavdelinga ønskte meg velkomen, og lova å byggje meg opp som programleiar, valde eg nyheitene bort.

– Skulle ønske vi var fleire

I dag er Mubashir ein av svært få profilerte NRK-medarbeidarar med fleirkulturell bakgrunn. Han minner likevel om at akkurat det er eit definisjonsspørsmål: Ta programleiarane i populære «Kvitt eller dobbelt», for eksempel, der Nadia Hasnaoui er halvt marokkansk og Christian Strand adoptert.

– Men eg skulle ønske vi var fleire, slik at NRK speglar samfunnet vi lever i. Mitt håp er at det ein dag blir naturleg å sjå menneske med annan hudfarge og etnisk bakgrunn på TV. Og at det ikkje blir gjort eit stort nummer av det i media. Men det går nok endå ein generasjon før vi opplever det, seier Mubashir.

Bryt ned fordommar Mubashir er positiv til ei ny stipendiatordning i NRK for fleirkulturelle journalistar, fordi dette kan oppmuntre og inspirere dyktige folk som drøymer om ein tv-karriere. At han sjølv har vore med på å bryte ned fordommar om kven som kan vere på TV, synest han er kult.

– Det har skapt håp blant ein del unge at du ikkje må vere kvit og heite Knut Olsen eller Viggo Johansen for å få det til på TV.

– Kor viktig er det for minoritetsgrupper å kjenne seg igjen i personar på TV?

– Kjempeviktig! Minoritetar blir ofte mistenkeleggjorte, og plasserte nedst på rangstigen. Å sjå nokon som ser ut som deg på TV, gjer noko med deg som menneske. Det høyrest naivt og barnsleg ut, men slik er det.

– Hard konkurranse om dei beste Nyheitsredaktør Per Anders Johansen i NRK seier at Dagsrevyen lenge har hatt ønske om å rekruttere fleirkulturelle journalistar. Men kandidatane er få, og konkurransen hard om dei aller beste.

– Dei glir rett inn i faste, godt betalte jobbar. NRK klarar ikkje å konkurrere lønsmessig med redaksjonar som TV 2 og VG, seier Johansen til BT.

Han håpar at stipendiatordninga «NRK FleRe» vil skaffe redaksjonen fleire fleirkulturelle nyheitsjournalistar.

– Det er viktig i desse tider. Det er ingen tvil om at kjeldegrunnlaget til desse journalistane er svært viktig for oss.

Publisert

FAN AV BILL COSBY: Noman Mubashir gløymer aldri første gong han såg «Cosby show» på NRK. ¿ Eg vart kjempeglad. For første gong såg eg nokon som såg ut som meg på TV! Sjølv om Cosby-stjernene var ganske mørke, kunne eg i det minste relatere meg til dei fargemessig, seier Mubashir, som etterlyser fleire minoritetar på NRK. Foto: Håvard Bjelland