Når ørten instrument og sju slag blir til eitt

Når Stian Carstensen øver inn tingingsverk til Vossa Jazz, strør han om seg med skeive taktartar på vegen. Då er det lett å gå seg vill – sjølv for ein uoffisiell noregsmeister i skeiv rytmikk.

Publisert Publisert
  • Vegar Valde (foto)
  • Harald Espeland
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Omkransa av seks musikarar, ei harpe, ein cello, ei fele, nokre tangentbrett, ein bassgitar og eit trommesett sit Stian Carstensen med trekkspelet. Multiinstrumentalisten som kanskje er mest kjent frå Farmers Market er midt i ei øvingsøkt to dagar før tingingsverket hans skal bli framført på årets Vossa Jazz.

Medan tonane fyk frå instrument i aust og vest, går det vilt for seg heilt til harpa med eitt speler aleine. Inn kjem resten av bandet – og med eitt er det stopp.

— Var eg ute der?

Kapellmeisteren sjølv ler så nesten både han og trekkspelet dett av stolen.

Skeive gleder

For dei som er vand til å høyra vanleg popmusikk, er det ikkje like lett å trampa takten til Carstensen sin musikk. Her er det ikkje fire flate fjerdedelar som gjeld, snarare ni åttandedelar, ti åttandedelar og andre skeive taktartar.

— Den delen, går den i ni fjerdedelar?

Trommis Jarle Vespestad lurer litt.

— Nei, det er i ti sekstendelar, svarer harpist Sidsel Walstad.

— Ikkje høyr på henne!

Carstensen bryt inn. Han ser fram til å endeleg få framføra verket han har jobba med.

— Eg gler meg. Det er jo noko veldig komplisert drit eg har laga, seier Carstensen i ein pause.

Klassisk inspirasjon

I staden for å fokusera på balkanmusikk, slik han er kjent for å blanda inn med alle andre mogleg stilartar, har komponisten denne gongen vald å ta for seg andre ting.

— Musikken spring ut av mange ulike ting. Det er jo Stravinskij og fusion, blant anna, seier komponisten.

Han har vald å basera verket på den klassiske, europeiske musikktradisjonen – ikkje den amerikanske.

— Her blir det ikkje mykje blues, for å seia det sånn. Eg har alltid likt klassisk musikk, og spelte det på trekkspel då eg var liten. Dei gongene me gjekk i kyrkja med skulen, sat eg og høyrte organisten spela, fordi det var så fint. Dei andre ungane syntest det var dødskjedeleg.

Carstensen meiner all musikk som blir laga i dag, er basert på den europeiske tradisjonen.

— Det var i Europa dei byrja å improvisera. Bach var mykje meir kjent som improvisator i si samtid enn som komponist, til dømes, seier han.

Rørt og vettskremt

Øvinga går føre seg i Olavssalen på Voss Folkehøgskule – eit par spydkast frå Vossasalen og Park Hotel Vossevangen, der verket skal framførast laurdag kveld. Undervegs fordeler bandet riff og akkordar seg imellom.

— Blir vegen litt til medan de går?

— Orkestreringa har eg alltid tenkt at me skal ta når alle er på staden. Men veldig mykje er skrive ut på førehand. Det er nok av notar, seier komponisten.

Å få stå for tingingsverket under den førtiande Vossa Jazz-festivalen, ser han som ei ære.

— Då eg blei spurt, blei eg både rørt og vettskremt. Det er jo det største tingingsverket på nokon jazzfestival i Noreg, seier han før han går inn i øvingssalen att.

To dagar før verket skal framførast, er han roleg, seier han sjølv. Og tittelen på verket er klar: "Flipp".

— Då blir det veldig enkelt for journalistane å laga eit ordspel om det ikkje skulle bli bra. Dei treng nemleg berre endra ein vokal.

Vossa Jazz byrjar fredag og varer til søndag kveld.

MULTIKUNSTNAR: Stian Carstensen har med seg harpe, trommer, bass, cembalo, el-piano, orgel, fiolinar og cello under tingingsverket «Flipp». Sjølv held han seg til nokre få instrument: trekkspel, banjo, gitar, steelgitar, den bulgarske fløyta kaval og den bulgarske tromma tapan. Foto: Vegar Valde

Publisert
BT anbefaler

– Eg er skuffa over det eg såg i parken

Helsebyråd Beate Husa seier ho er uroa etter å ha sett studentane i Nygårdsparken.

LES SAKEN

Sakene flest leser nå

  1. Regjeringen strammer inn: Dette er de nye reglene

  2. E39-dødsulykken: Mann bosatt i Bergen omkom

  3. Høgskulen på Vestlandet forbyr alkohol på fadderarrangementer

  4. – Det var ikke ungdommen som sendte oss til syden

  5. «Takk Libero, for dei forbaska tigerbleiene»

  6. Brann-spiller i isolasjon etter å ha vist koronasymptomer

  1. Musikk