Er det dette ein kallar ytringsfridom?

«Ways Of Seeing» har mest med mangel på folkeskikk å gjera.

Publisert: Publisert:

KONTROVERSIELT: Frå teaterstykket «Ways Of Seeing». «Er ikkje dette mangel på folkeskikk og vår tids bruk av gapestokk?» spør Trygve Refsdal. Foto: Black Box Teater

Trygve Refsdal

Festspela i Bergen vil setja opp det omdiskuterte teaterstykket «Ways Of Seeing» frå Black Box-teateret. Det er dels grunngjeve med at det er av omsyn til ytringsfridomen.

Eg synest denne grunngjevinga er nokså enkel. Denne saka har vel meir med vanleg folkeskikk å gjera enn med ytringsfridom? Eller kanskje: Er ikkje dette mangel på folkeskikk og vår tids bruk av gapestokk?

Les også

Festspillene setter opp «Ways of seeing»

«Det som gjelder nu, er høy temperatur!» Det var Francis Sejersted som sa dette ein gong for mange år sidan.

Me var på ein fjelltur saman, og me diskuterte då utviklinga i ei stor norsk avis, der det hadde vore eit skifte i debattredaksjonen, uheldig etter vår meining.

Francis hadde vore leiar for den norske Ytringsfrihetskommisjonen.

«Ytringsfridom, med god plass til ulike meiningar og synspunkt, var ein viktig og byggjande verdi for samfunnet», meinte han, sjølvsagt.

Ein viktig grunn er at det kan gje auka innsikt, meir rettferd og betre dømekraft i politiske prosessar.

Les også

Hei Erna Solberg, nå bør du gå på teater

Men «høy temperatur» var ikkje ein del av dette. Og den uheldige utviklinga Francis såg tidleg, har dels gått feil veg.

I dagens debattar er temperaturen stundom så høg at den vert til støy.

Blindt engasjement utan bakkekontakt er ofte lite verdt. Det ser me vel lettast på internettet?

Publisert: