Vedunderbarn i identitetskrise

Irrasjonelt pianotalent på leit etter meininga med livet

Publisert:

Alise blir styrt av kjenslene sine, av impulsar og stemningar, og ikkje minst av ein slags tallnevrose. Ho har iPoden full av klassisk musikk. Tar ho til dømes buss nummer 17 frå Bergen sentrum til Nipedalen, kan ho tillate seg å lytte til Beethovens sonate nummer 17 undervegs. Ho dreg heller på slike musikalske impulsturar enn på skulen.

Askøyværing og debutant Siv Østrem Peersen presenterer oss for eit musikalsk vedunderbarn i tida før og etter debutkonserten med Filharmonien i Grieghallen. Det er den klassiske konflikten slik vi kjenner han frå kunstnarromanar for ungdom: nevrotisk ung jente i konflikt mellom høge kunstnariske ambisjonar og indre tvil. Når det nye flygelet kjem i hus, er brått ikkje det å øve lenger like sjølvsagt. Kva har ho eigentleg mest lyst til å bruke livet til?

Referansane til musikkhistoria og klassiske komposisjonar er mange og treffande. Særleg er det interessant å sjå parallellen mellom Alise og Clara Schuman (1819-1896). Ho var eit barnetalent som utvikla seg til banebrytande konsertpianist. Det er eit godt grep å utstyre Alise med ein ambisjon om å komponere, slik som Clara, ikkje berre spele stykke laga av store menn før hennar tid. Settinga blir derimot i overkant dramatisk. Far er overambisiøs, alkoholisert og upåliteleg, den nye kona hans er overklassearrogant og sjalu mens mor er psykisk sjuk. Stort fleire eigenskapar har dei ikkje, det går på truverdet laus. Oppi dette virrar Alise som ein vennelaus einstøing med hovudet fullt av inntrykk ho høyrer som musikk.

Halvbroren er kan hende den mest interessante i rekkja av tunge skjebnar, han som lever i skuggen av Alise og blir pressa av narkomane. Men Østrem Peersen skriv langt betre om pianospel enn om dop. Kontrastane blir så tydelege at reisverket blir synleg, og boka avslører seg som nettopp ein konstruksjon. Like fullt fungerer Alises pianospel godt som metafor for livet: ikkje berre denne strevsame konflikten mellom å improvisere eller følgje notebladet, men òg spørsmålet om kor krevjande notar ein skal velje å sikte seg inn på.

file64zoc910kxd1mtpnb3l8.jpg

Publisert: