Litteraturhuset er ikkje øl-versting

Ølprisane på Litteraturhuset ligg faktisk midt på treet i Bergen. Her får du oversikta!

Publisert:

HUSET: Litteraturhuset i Bergen opna 31. januar. PAUL SIGVE AMUNDSEN (arkiv)

Dei siste dagane har debatten gått om prisnivået på Litteraturhuset i Bergen. Forfattar Henning H. Bergsvåg starta det heile med eit innlegg på bt.no sine Preik-sider, der han skreiv at leiinga i Litteraturhuset støyter vekk forfattarane med dyre øl— og matprisar.

- Meir enn ølprisar

Seinare har Colonialen sjølv meldtat dei set nokre av prisane ned, kulturbyråd Gunnar Bakke har meldt seg på i debatten, og Bergsvåg sjølv har sagt at ølprisane berre er ein del av kritikken.

Midt på treet

Uansett: enkel forsking i BTs utelivsguide viser at ølprisane på Litteraturhuset med sine 68 kroner for 0,4 liter slett ikkje er blant byens verste.

Det skal nemnast - i nabolaget i Vågsbunnen slit dei litt med å konkurrera med naboane. Eit utval ølprisar for 0,4 på tapp:

Folk og Røvere: 51,-.

Amarone/Skomakerhagen: 60,-.

Kafeen: 58,-.

Ovenpå: 55,-.

Roll & Rock bar & diner: 55,-.

Elles i byen ligg dei rundt midt på treet når det kjem til ølprisar. Oversikta finn du her - ta gjerne ein kikk. Me gjer merksame på at oversikta endå er på teststadiet, og dermed ikkje er heilt fullstendig.

Har du innspel til BTs utelivsguide eller til korleis Litteraturhuset i Bergen kan bli betre? Bruk kommentarfeltet.

Publisert: