Årets festspeldiktar skreiv sin første salme då han budde i Bergen. No kjem han til byen med heilt nye dikt.

Den kvithåra diktaren ruver på tunet. Dette er barndommens heimland. Dette er hans litterære univers.

– Her tok den lange reisa til.

Edvard Hoem plantar blå joggesko mellom kvitveis i grønt gras. Den gamle kyrkjevegen er gjengrodd.