Kjødetomta til kultur

Kulturhus: Ei musikkteaterscene på Kjødetomta vil gjere området til det mest spennande kulturkvartalet nokon sinne.

Publisert Publisert

USF: Utvikling av området frå sørsida av Dikkedokken med Kjødetomta til og med USF kan utviklast til det mest mangfaldige kulturkvartalet nokon sinne, skriv Jon Tvilde.foto: Helge Sunde

  • Jon Tvilde
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Kulturhuset USF (heretter USF) er urolege for at utbyggjarane på Kjødetomta primært ønskjer ei sterk utnytting av tomta til bustader der høgbygg vil bli dominerande.

Om kort tid vil lagnaden til området avgjerast gjennom det pågåande reguleringsplanarbeidet.

Av den grunn må offentlege kulturinteresser med Bergen kommune i spissen, engasjere seg for å sikre ei utvikling av området som både løyser allmenne kulturinteresser og samstundes tener naboane, deriblant det breie miljøet i kulturklynga USF.

Eigarane ønskjer å regulera tomta for «sentrumbebyggelse; primært ein kombinasjon av bustad og næring/kontor, med deler til kulturformål».

Føremålet må etter vårt syn kome i motsett rekkjefølgje, tomta må primært verta nytta til kulturføremål i ein kombinasjon med kulturnæring. Samstundes må allmenn ferdsel og god tilgang til Dikkedokken og sjølinja takast i vare.

I tillegg bør planarbeidet for Berstadtomta sør for Dikkedokken og ikring TV 2 utviklast i samanheng med Kjødetomta. Ein samordna plan for heile området frå TV 2 til USF er viktig for å løfte fram kultur-minnet Dikkedokken og sikre ei utbygging der nabo— og verneinteresser vert sett i ein planmessig samanheng.

Bergen står framfor fleire store investeringar i bygg til kulturføremål. Bygg som vil krevje store økonomiske midlar frå Bergen kommune, Hordaland fylke og over statsbudsjettet. Kva skal til for å lukkast med slike spleiselag, som mellom anna Grieghallen og USF har makta med sine ombyggingsprosjekt dei seinare åra?

Ågot Valle samanfatta dette på ein god måte i eit møte i Kultur Vest. Ho peika på at ingen oppnår statlege løyvingar fordi det «no er vår tur», eller «andre har fått» tidlegare. Det avgjerande er innhald og kvalitet i det kulturprosjektet som vert fremja.

Kultur Vest har lista opp dei bygningsmessige behova dei store kulturinstitusjonane i Bergen har i dag. Det gjeld nye felles verkstadfasilitetar, nye felles prøvelokale, hus til Hordaland teater i Bergen sentrum og nytt hus for musikkteater. Då legg eg til grunn at BIT Teatergarasjen fullfører sitt prosjekt i Baneveien.

Samla arealbehov for dei nemnde prosjekta er om lag 10.000 m², lokalisert samla kan dette truleg reduserast til om lag 7000 m². Eit slikt omfang er om lag halvparten av det planleggjarane for Kjøde- tomta ønskjer realisert på sitt område. Det åleine fortel at vert Kjødetomta brukt til desse etableringane, vil ein lettare få til ei utbygging med gode siktlinjer til sjø og gje allmenta tilgang til sjøkanten, t.d. ved etablering av ei strandpromenade.

Reguleringsplanarbeidet skal avklara kva formål tomta skal brukast til. Eit kvart godt formål bør setjast i ein større samanheng, gjerne knytt til ein visjon. Lat oss sjå kva dette området kan bli: Utvikling av området frå sørsida av Dikkedokken med Kjødetomta til og med USF skal utviklast til det mest mangfaldige kulturkvartalet nokon sinne, m.a. fordi ein her finn heile den kulturelle verdikjeda representert.

Her skjer m.a. opplæring av born i ulike kulturaktivitetar, t.d. i regi av Bergen Dansesenter, Skrivekunstakademiet har sitt utdanningstilbod for spirande litte-ratar, kunstnarar og filmfolk driv dagleg med sin kunstproduksjon samstundes som m.a. managementet Made er aktiv med si musikkformidling. Til sist, området er eit mangfald av ulike kulturelle uttrykk, framført på området sine ulike scenar og visningsrom.

Då er eg attende til Ågot Valle. Sjå for deg Kjødetomta brukt til nye prøvesalar, verkstader og eit nytt musikkteater, integrert i eit allereie etablert miljø der det dagstøtt går føre seg; opplæring, utdanning, produksjon og kulturformidling. I seg sjølv er dette eit sterkt momentum, som vil gje gjenklang heilt til hovudstaden.

Enno viktigare prosjekta vil stå sterkare når statlege kulturkroner vert løyvd. Ikkje minst med tanke på dei synergiar ein vil oppnå.

Ei motsett utvikling med fleire og spreidde etableringar er verre å realisere. Deler av dei omtalte prosjekta er føreslått å koma på Tollbodtomta. Vert det konklusjonen vil Bergen få enno eit nytt kulturkvartal, utanfor den etablerte kulturaksen.

Underteikna er redd ei slik etablering kan bli ein parallell til Operaen i København, bygget som står åleine ute på Holmen, utan folkeliv, og for mange eit symbol på kultur for dei få.

Ei musikkteaterscene på Kjødetomta derimot vil komplimentere dei andre scenane på USF, og gjera området til eit kulturkvartal med mangfald og innhald det er vanskeleg å finna noko anna stad. Drifta mellom dei ulike institusjonane må samordnast, likeins den kommersielle sida av drifta.

Men kulturelt sett er ei slik plassering enno viktigare; opera - som kan vera både teater, song og dans på ein gong - vil utvikle seg naturleg innafor eit kulturkompleks der kunstnaren, rockaren, danseleven, formidlaren og operastjerna held til. Slik vil kulturelle barrierar rivast og god driftsøkonomi skapast.

Publisert