- Sprø tilstandar

Alle snakkar om Alexander Rybak. Men denne frikaren frå Ulvik skal danse Norge til GP-jubel.

Publisert Publisert
  • Kristin Jansen
iconDenne artikkelen er over 11 år gammel

Torkjell Lunde Børsheim er medlem av dansegruppa Frikar, som i kveld skal i sving i Grand Prix-semifinalen saman med Alexander Rybak. Børsheim er nøgd med førebuingane på scena.

– Elles har me øvd gjennom nummeret her på hotellet stort sett kvar dag utanom, so no byrjar me å kjenna at det sit ganske bra, skriv dansaren i ein e-post til bt.no.

Foto: ARVE HENRIKSEN

– Stor ståhei Han er overvelda over inntrykka frå Moskva.

– Det er ein fantastisk flott by med mange imponerande bygningar. På laurdag 9. mai var det Victory Day her i Russland, og då var det stor militærparade der dei viste fram det dei har av våpen og utstyr i den russiske hæren. Stor ståhei og masse folk. Det var stort å sjå flyoppvisninga deira. Dei kom lågt over hustaka i skremmande tett formasjon, kampfly, jagarfly og helikopter om ein annan. Litt skummelt å tenkja på at dei er nabolandet vårt....

Artikkelen fortset under videospelaren...

**Sjå óg:

Her øver GP-Alexander**

Uvant oppleving Børsheim er himmelfallen over oppstyret rundt heile Noregs GP-håp.

– Det er veldig stort trykk rundt Alexander, både frå fans og media. Er litt sprø tilstandar av og til. Eg er ikkje vant med slike tilstandar heime.

– Kva respons får dykk på dansinga?

– God, både på scena og pressekonferansane. Det har òg vorte litt styr når me har dansa litt spontant på desse festane som har vorte arrangert, der det har hendt at me har stjelt fokus frå dei som har opptrekt på scena.

– Korleis er nervane føre semifinalen?

– Absolutt til stades, men me gler oss mest til å få vist fram nummeret vårt, sjølv om det vert spennande! Me håpar jo sjølvsagt på finaleplass.

**Les óg:

Les også

- Ble tilbudt dop og sex

— Ble tilbudt dop og sex**

Hard landing No er Børsheim spend på å entre den gedigne Moskva-scena.

– Dei satsar veldig stort på scena her i Russland, det er visstnok den største scena som har vore i ESC si historie, og i tillegg har dei imponerande biletshow på mange store skjermar i bakgrunnen. Arenaen er den gamle OL-hallen frå sommar-OL i 1980. Det vart litt oppstyr etter den fyrste øving, då det viste seg at me hadde klart å knusa eit glaselement på grunn av dansinga vår. Var nok ei landing etter ein salto som vart litt i hardaste laget for golvet. Moro.

Trur du Norge vinn Grand Prix? Sei di meining her.

Publisert

Les videre

  1. Fnyser av «GP-skandalen»

  2. Drakk vodka hos dommeren

BT anbefaler

Se Ingebrigtsens første Brann-intervju

Kåre Ingebrigtsen tar over som hovedtrener i Brann.

LES SAKEN