– Perfeksjonjag er farlegare enn festing

Forfattaren bak «Lovleg» ville lage ein serie som fekk ungdom til å kjenne seg mindre åleine. Kjersti Wøien Håland (29) trur livet var lettare då ho sjølv var hybelbuar på Sandane.

– Eg kunne ikkje skrive «Lovleg» frå nokon annan plass enn Sandane. Dess meir spesifikk ein er, dess større sjanse er det for å lage noko som resonnerer breidt, seier Kjersti Wøien Håland.