Heggland held koken på Gyldendal

Publisert Publisert
  • Det var kanskje dristig å gå i gang med eit så omfattande bokprosjekt i ein alder av 80 år, men no er bok nummer fire levert. Kanskje klarar eg dei tre siste også?
icon
Denne artikkelen er over 17 år gammel

OLAV KOBBELTVEIT

Det er Johannes Heggland som undrar. I går var den spreke 85-åringen frå Tysnes til stades på Gyldendals haustlansering, og forlaget var stolt av veteranen sin.

— Siste boka heiter «Ingibjørg», og no har eg skrive meg frå viktingtida til 1600-talet. Det er mykje arbeid, men det går bra. Eg må seia det, smiler den lune sunnhordlandsdiktaren med drygt 60 bøker bak seg. Pluss 8-10 sogespel. Det meste er henta frå kjende trakter i Sunnhordland.

— Det er eit viktig område i noregssoga, veit du, seier Johannes Heggland.

Heggland kan stå som ein framifrå og typisk representant for Gyldendals liste denne hausten. Det er forteljinga - den store forteljinga - som dominerer, der Carlos Ruiz Zafon har sett standard med «Vindens skygge». Den meiner forlaget Henning Mankell lever godt opp til i romanen «Dyp». Den populære svensken tek i år nok ein gong steget bort frå kriminalromanen og over i eit anna landskap.

Staalesen sikker vinnar

Av norske forfattarar er Gunnar Staalesen ein sikker vinnar med si forteljing frå AKP-miljøet i Bergen, og Bjørn Sortland frå Bømlo og Bergen kan nå langt med si kjærleikssoge «For så høgt har eg elska». Med den vann han Gyldendals konkurranse om beste kjærleiksroman. Den andre vinnaren heiter Yvonne C. Kuhn og er debutant.

Store voner set forlaget til Levi Henriksens «Snø vil falle over snø som har falt». Vi tek også med bergensbaserte Thea Selliaas Thorsen, eigentleg frå Tomter, som skriv skumle saker og har Roma, Athen og Oslo som vekslande bakteppe.

I Bergen bur også Annette Mattsson, som hausta gode kritikkar i 2002 og no kjem med romanen «Jeg ventet på deg». Den handlar om sambuarparet Jon og Sara som får livet sitt snudd på ende av ei trafikkulukke.

Hans Sande leverer novellesamlinga «Smygar», og her er det dyster humor i tunge dosar.

Meir Hamsun

Ingar Sletten Kolloen har i år fullført verket om Knut Hamsun, og det er stormfulle år som skal skildrast. Tittelen er «Erobreren».

— Eg vart undervegs forvandla frå biograf til geigerteljar, der eg laut måla utstrålinga frå dette mektige mennesket, seier Kolloen.

No er det fallet som står sentralt, der den feterte diktaren rotar seg inn i svære saker og hans slette politiske dømmekraft blir overtydeleg. Medan Europa skakar og fedrelandet blir okkupert tek Hamsun parti for Hitler og blir snart like sterkt hata som før elska. Korleis kunne det skje, og kva påførte han familien av menneskelege kostnader? Kva pris betalte Marie og borna for å halda geniet verksamt? Kva verknad fekk psykoanalysen for forfattarskapet, og kor dramatisk var møtet med norsk psykiatri representert ved Gabriel Langfelt? Ja, her er nok å ta av, medgir biograf Kolloen, og vi trur han.

Kråkevik fortel

Herborg Kråkevik har skrive sine «Forteljingar» innehaldande både humor og alvor, medan Ragnar Kvam jr. laut be om eit ekstra år for å bli ferdig med nasjonalikonet Thor Heyerdahl. Det dukkar heile tida opp så mykje nytt stoff at Kvam jr. ikkje såg syn med å få boka ut i haust. Elles har Einar-Arne Drivenes og Harald Dag Jølle skrive «Norsk polarhistorie», Asbjørn Jaklin «Historien om Nord-Norge» og Fredrik Skagen om dei siste 70 åra av Trondheims historie.

Sult-prisen 2004 gjekk til lyrikaren Nils-Øyvind Haagensen.

DEBUTERER: Herborg Kråkevik spelar på fleire talentar. No kjem ho med boka «Forteljingar».
HELD KOKEN: Johannes Heggland (85) har levert si fjerde bok i serien «Tusen vårar» på Gyldendal.

Kulturredaktørens utvalgte

Nyhetsbrev Jens Kihl er kulturredaktør i Bergens Tidende og gir deg hver torsdag de beste sakene fra kulturverdenen.
Publisert
  1. Litteratur
BT anbefaler

«Bergensernes jubel vippet ham nesten av pinnen»

Post Malone er verdens mest populære rapper. Bergensernes jubel vippet ham nesten av pinnen.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. 11-åring på sparkesykkel påkjørt av bil

  2. Her er Matapour før angrepet. – Ikke avklart om han har samarbeidet med andre.

  3. Hun kunne bruke opp mot 500 timer på å lage vaktplan. Så tok hun grep.

  4. Tror kriminell pro-russisk gruppering står bak

  5. «Bergensernes jubel vippet ham nesten av pinnen»

  6. Anbefaler fjerde dose til de over 75 år