Han har toppa hitlistene over heile verda. Likevel har dei færraste høyrt om svenske Max Martin.

Publisert Publisert

HITMASKIN: Max Martin har levert hits på løpande band til superstjernene. Britney Spears, Backstreet Boys, Katy Perry, Taylor Swift og Jon Bon Jovi er berre nokre av dei.

  • Harald Espeland
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

« ... Baby One More Time» med Britney Spears. «I Want it That Way» med Backstreet Boys. «I Kissed A Girl» med Katy Perry. «Shake It Off» med Taylor Swift. «It's My Life» med Bon Jovi.

Låtane er for moderne popklassikarar å rekna. Bak dei står ein mann som er langt mindre kjent enn popstjernene som står på scena: 44-åringen Max Martin frå Stockholm. Sidan 1999 har han vore med på å skriva 21 nummer éin-hits på amerikanske Billboard Hot 100 — verdas mest prestisjetunge hitliste.

Med det har mannen fleire hits på samvitet enn Michael Jackson, Prince, Madonna og U2 — for å nemna nokre. Berre Paul McCartney og John Lennon er framfor han på lista over låtskrivarar med fleire nummer éin-hits i USA.

Ifølgje nettstaden Celebrity Net Worth har han med det tent seg opp ei formue på over 250 millionar amerikanske dollar.

Hitmakaren starta der mange begynte - på blokkfløyte. Som liten spelte han fløyte og valthorn i Stockholm kommunale kulturskule - ei grunnutdanning han har uttalt at han har å takka for suksessen. Seinare blei han frontfigur i eit glam metal-band, og det gjekk ikkje lang tid før platebransjen oppdaga at mannen hadde teft for gode melodiar. Etter kvart måtte døypenamnet Karl Martin Sandberg vika, og Max Martin var fødd.

Suksessen starta med artistar som Ace of Base, E-type og Rednex - alle tre namn som bringar tilbake minne frå nittitalet for mange nordmenn. Og akkurat då Martin kanskje ikkje trudde han kunne bli større, fekk han eit besøk han aldri skulle gløyma.

Det er juni, og året er 1995. Sola steiker på Arlanda flyplass utanfor Stockholm. Seks unge gutar kledde i siste nittitalsmote spaserer ut dørene - på veg til byen for å spela inn debutalbumet sitt. Reisa har dei tatt heilt frå Amerika.

Vel framme går dei på restaurant med ein av produsentane — Max Martin. Svensken gler seg til å koma i studio med gutane, og seier det blir spennande å høyra dei syngja.

— Me kan gjera det no, seier dei før dei reiser seg i hipsterrestauranten og bryt ut i song:

— I'll never breeeeeeaaaak youuuur heeeeeart ...

Martin kjenner håra reisa seg på armane. Han har høyrt Backstreet Boys for første gong.

— Det var fantastisk, skulle han 18 år seinare proklamera i ein tale i Hollywood. Då fekk gruppa si eiga stjerne på Hollywood Walk of Fame. Det var ikkje utan grunn at Max Martin hadde fått æra av å halda talen ved innlemminga.

Samarbeidet med Backstreet Boys resulterte nemleg i hitsinglane «As Long As You Love Me», «Larger Than Life» og ei lang, lang rekke andre. « ... Baby One More Time» var òg blant låtane Martin viste boybandet. Dei takka nei, og det same gjorde jentegruppa TLC. Låten blei likevel relativt kjent etter å ha hamna i fanget til ei då sytten år gammal jente ved namn Britney Spears.

I Bergen sit Bjarte Ludvigsen og skriv det han håpar skal bli hitlåtar for popbandet The Main Level. Som trommis i indiebandet Poor Rich Ones var ikkje Max Martins musikk akkurat blant favorittane på nittitalet.

— Eg hugsar me sat i turnébussen og lo av det han dreiv med. For noko drit! Me hata det. E-type, Ace of Base, Backstreet Boys ... Det var totalt motsett frå det me dreiv med, seier han i dag.

Etter kvart blei han meir tolerant for annan musikk, fortel han.

— Då me byrja å skriva poplåtar måtte me setja oss inn i kva Max Martin gjorde bra. Han har vore flink til å plukka samarbeidspartnarar, blant anna låtskrivaren Shellback, som har bakgrunn frå death metal. I Sverige har dei ikkje ein like sterk jantelov som i Noreg. Du kan fint jobba med Britney éin dag, og black metal den neste. Sjølv har eg bakgrunn frå indie, og samarbeider med Mads Vathen Lervik - ein meir kommersiell låtskrivar. Det er ein kombinasjon som fungerer bra.

Hanne Sørvaag er kjent som både artist og låtskrivar. Ho skreiv den norske Melodi Grand Prix-vinnaren «My Heart Is Yours» i 2010, og har seinare slått gjennom som artist.

I fleire år jobba ho frå Stockholm - ho kjenner til Martin frå tida i den svenske hovudstaden, og har sjølv henta inspirasjon frå han.

— Han er den råaste av dei alle. Han har vore utruleg god på å plukka ut gode folk å ha rundt seg, og han har ei melodikjensle som er utruleg bra. Han har snakka om små grep som kan vera lure å ta, til dømes å gå ned ein toneart på refrenget i ein låt. Det er ikkje så ofte slike ting funkar, men når det gjer det er det veldig godt handverk.

Ein god melodi og eit intenst fokus på detaljar er blant Martin sine eigne hovudingrediensar. I ein artikkel i New Yorker fortel låtskrivar Bonnie McKee i om Martins metode.

— Det er svært matematisk. Ei strofe må ha ei viss mengd stavingar, og den neste strofa må spegla den førre, seier ho. Låtskrivaren viser til Katy Perry-låten «California Gurls» når ho skal koma med eit døme.

— «California girls, we're unforgettable, Daisy Dukes, bikinis on top». Legg du til eller tar vekk ei staving blir det ein heilt annan melodi for Max, seier ho til det amerikanske magasinet.

Martin blir gjerne henta inn av plateselskap som vil gi ein artist ein ekstra boost - slik tilfellet var før Taylor Swifts 2012-plate «Red». Også Bon Jovi fekk eit etterlengta oppsving då dei fekk ein hit med «It's My Life» i 2000.

I låtskrivarkretsar snakkar ein allereie om ein eigen Max Martin-stil med detaljfokus på vokalmelodien og ei tilrettelegging som passar den enkelte artisten. Den svenske låtskrivaren har etter kvart fått mange fans blant musikarar — på nettet finst eigne forum der ein diskuterer alt frå kva som eigentleg er opphavet til ei karakteristisk sampling på « ... Baby One More Time» til kvardagslivet i det svenske studioet.

Sjølv har Max Martin makta å halda seg unna media. New Yorker samanliknar svensken med jedi-meisteren Obi-Wan Kenobi i Star Wars - ein tilbaketrukken meister.

Bergen-låtskrivar Bjarte Ludvigsen meiner Max Martin er så stor at han ikkje lenger treng tenkja på kva som er in - han kan setja standarden sjølv.

— Han har makt. Han kan laga ein bestemt ting, og med det setja standarden for kva me skal høyra på radioen framover. Det er ikkje til å stikka under stol at han har eit unikt pophovud. Med så mange hits er det bevist.

Sist veke beviste svensken det nok ein gong. Mandag fekk den kanadiske artisten The Weeknd sin første nummer éin-hit på Billboard med «Can't Feel My Face». Låtskrivar? Max Martin.

Kjelder: New Yorker, The Daily Beast

Publisert

Les videre

  1. Her møter Aurora superstjernen

  2. Syng og ver glad for kvar snutt som går

  3. Bergensk boyband inntar Festplassen

  4. Stor suksess for Backstreet Boys