Røysta er stilna

Herbjørn Sørebø døydde i går, knapt 70 år gammal. Eit rikt liv i journalistikkens teneste er til endes. For mange vil det kjennast som om ein institusjon er borte.

Publisert: Publisert:
Olav Kobbeltveit

Det vert ikkje skapt kjendisar av Herbjørn Sørebøs format lenger. Han var politisk journalist i fjernsynet då Noreg berre hadde ein kanal, NRK, som heile folket samla seg om. Kvar gong det var val i fedrelandet sat Herbjørn Sørebø og parhest Lars-Jacob Krogh og stilte politikarane ugreie spørsmål. Dei hadde sjåartal som dagens tv-journalistar berre kan drøyma om. Men først var det mange og tunge motbakkar.

Rasande lydarar

Då han i 1964 tok steget frå den kristelege dagsavisa Vårt Land til NRK-radio vart det nærast opprør i lydarflokken, som forsvarlaus ein morgon vakna til hardtslåande konsonantar og r-ar som maskingeværsalvar. Sentralbordet på Marienlyst var sprengd av rasande lydarar som protesterte på «røysta» frå Sunnfjord. Det vart eit tøft møte med røyndommen. Men Herbjørn Sørebø gav ikkje opp, og makta det kunststykket — med eit så umogeleg utgangspunkt - å verta ein populær og folkekjær tv-figur.

Herbjørn Sørebø var ein mangfaldig mann. Mest - og alltid - journalist. Han levde livet i nitti - i ein lang periode gjekk det endå fortare - og uansett kor seint det hadde vorte på

Tostrupkjellaren kvelden før, så var han alltid på beina før klokka seks.

Ein time seinare hadde han skrive ferdig eit nytt kapittel i den neste boka si eller den faste spalten sin til vekeavisa Dag og Tid. Så bar det inn til Stortinget, der han i ein lang periode hadde sin faste arbeidsstad. Arbeidstida var ikke tilpassa dagens arbeidsmiljølov. Snarare tvert imot. Den som ville ha ut dei journalistiske godbitane, og det ville Herbjørn Sørebø, kunne ikkje gå heim klokka fire. Så vart det «store dagar og stutte næter». Eit helseslit. Men det var moro og, for Herbjørn Sørebø hadde fått nåde til å arbeida med det han likte aller best i livet — journalistikken.

Fredag vart han - med næraste familien rundt seg - tildelt Kongens fortenstmedalje i gull.

Språkmeister

«Bønder spelar ikkje tennis» skreiv Herbjørn Sørebø, og det er berre eitt av dei mange sitata vi har etter språkmeisteren. Ei anna setning som er blitt munnhell er «alle reiser er ein omveg heim». Slik samla han små aforismar som han seinare slapp laus på folket i form av bøker.

Men bokproduksjonen var meir mangslungen enn som så. Den store humoristen Herbjørn Sørebø er også blitt folkeeige, og Samlaget tente gode pengar på morobøkene han gav ut saman med Audun Hetland. Vi som tidvis delte kafébord med Sørebø kunne meir enn ein gong forundra oss over hans makelause evne til å sjå dei lyse sidene ved livet, jamvel når det såg som mørkast ut. «...men det goda humöret finns kvar», var eit av yndlingssitata.

Den politiske journalistikken tok storparten av tida hans. Men også kulturlivet i vid tyding drog vekslar på ein Herbjørn Sørebø som med stor innsikt kunne kåsera om diktarliv og lagnad, om himmel og jord, for ingenting menneskeleg var denne mannen framandt. Han delte studenthybel med Georg Johannessen, hadde ei hand med i Norsk Barneblad, fekk tilbod om å verta redaktør i Dagbladet, men vart i staden — litt seinare - sjef for Dagsrevyen. Så ilt kan folk vilja seg.

Sunnfjording livet ut

Herbjørn Sørebø vart verande sunnfjording livet ut, men han kom også til å verta glad i Oslo og Austlandet. På konas småbruk tett innåt Mjøsa treivst han sommarstid. Der skal han vera observert attmed ein hoggestabbe, med øks i hand. Men ikkje så ofte. Det var ikkje fysisk fostring han brukte mest tid på. Heller lesa bok - eller skriva bok. Ei av dei siste han skreiv var om venen Jakob Sande, som kom til å setja så sterkt eit stempel på Sørebøs litterære utvikling. Han sleit lenge for å koma ut or Sandes verseføter. Han greidde det ikkje alltid, og i dette vesle verset - om si siste ferjereis - er slektskapen til Jakob tydeleg:

«Mi siste ferje i livet

i begge endar har stamn

men rutetabellen er ukjend

og ferja har ikkje fått namn.»

Publisert:

VISEKUNSTNAREN. Sørebø skreiv eit utal viser og vers, som for ein del vart tonsette og sungne av venen Ivar Medaas.