Dei kjende seg annleis heile ungdomen. Men visste kvar dei skulle.

21 år gamle flytta Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland til London utan annan plan enn å leva av det dei skriv, komponerer og fotograferer.

Publisert: Publisert:
svp://30475

På kvar sin stad i trivselsfylket gjekk to ungdomar rundt og kjende seg annleis. Jostein brukte friminutta til å ­spela piano i staden for å vera ute med dei andre. Mariell hadde ingen vener og kjende seg ikkje trygg nokon stad. 14 år gamle oppdaga dei kvarandre og blei kjærastar. Dei blei sett på som rare, men hadde kvarandre og ei usvikeleg tru på seg sjølve. Visste dei ville gjera noko meir ut av livet enn det Lærdal og Årdal kunne by på. No er dei 23, har budd i London i to år og debuterer med romanen «& me skal bli omskapte».

- Heile tida visste me at me ville til London, men etter vidaregåande øvde me oss først på Oslo, fortel Mariell Øyre.

For titusenvis av lesarar er ho kjend som «hjartesmil» frå bloggen med same namn. Kjærasten Jostein Avdem Fretland lagar musikk under namnet ­«fivrel».

Det finaste

I London bur dei sør for elva og aust for sentrum. I bydelen New Cross er det billeg nok å bu, roleg nok å leva.

TENKJER STORT: Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland har etablert seg i London, der dei lever som kunstnarar og skribentar. - Me har ingen plan B, seier Mariell. Foto: VEGAR VALDE

hjarte4.jpg Foto: Vegar Valde

hjarte2.jpg Foto: Vegar Valde

I EITT MED BYEN: London er eksklusiv sjokolade, London er undergrunn, London er å samla på fine ting, London er heime. Foto: VEGAR VALDE

- Mens Jostein gjekk på førelesingar,­ reiste eg rundt i heile London for å gjera meg kjend og finna dei finaste stadene og beste kafeane, seier Øyre.

Som frilansarar har dei lite pengar, men bruker det dei har på god mat og fine ting for auget. Det kan vera ein porselenskopp, eit gammalt bilete eller sugerøyr malte som bjørkestammer.

- Me liker det som er brukt av andre før oss, slikt som har ei historie. Nesten alle kleda våre er brukte, seier Øyre.

- Me elskar å løfta opp små, fine ting og visa heile verda at livet er ein fest, seier Fretland.

Livsnyting

Nettopp denne feiringa av livet kjem til syne i romanen deira, som kjem ut om eit par veker. Hovudpersonen Jakob er vestlending og yngste generasjon i ei rekke av sjokolademakarar. Han går i lære hos ein chocolatier i Paris, men bryt med planane familien har lagt for han då han overraskande arvar eit butikklokale i London. I staden for å ta over familiebedrifta heime, startar han for seg sjølv i Covent Garden.

- Boka avslører inngåande kjennskap til fin sjokolade og god mat og drikke. Bløffar de godt, eller ligg det grundig research bak?

- Me har gjort mykje research. ­Sansen for sjokolade fekk med då me oppdaga Valhrona. Den lidenskapen Jakob har for sjokolade og god mat kjem frå oss, seier Øyre.

- Sjokoladen passar til noko av det me ville formidla med boka. Det er mange som oppfattar dei tinga me er glade i som over­flatiske eller unyttige, slikt som kunst og kaféliv. Å vera chocolatier er eit ekstremt uttrykk for den livsstilen. Å nyta mørk sjokolade, ta eit bilete eller laga eit musikkstykke har ikkje nokon kvantifiserbar verdi, men for oss er dette verdifullt, seier Fretland.

- Handlar det om livsnyting?

- Ja. Kunstnarar har alltid sete på kafé. Same kor blakke dei er, drikk dei vin ute, seier Fretland.

- For meg er dette ein high five til den 14-årige versjonen av meg sjølv som lengta etter å sitja på kafé og berre sjå på folk. Det gjekk i ikkje i Årdal, seier Øyre.

Romanen har Øyre og Fretland skrive saman. Dei har skrive om kvarandre og redigert kvarandres tekstar til ein heilskap. Handlinga er fiktiv, men sjølve London er like tydeleg til stades som ein annan hovudperson.

- London er viktig for oss, og me har brukt verkelege bygningar og stader i romanen, seier Øyre.

- Me ville også formidla korleis London tar imot deg når du er ny, seier Fretland.

- Det er vanskeleg å bli kjend med folk her, men no har me mange fine folk rundt oss, seier Øyre.

Slik gjer me det. Me nyt heller eit par verkeleg gode sjokolade­bitar enn å trykka i oss ein stor Snickers-sjokolade

Med overbevisande lokalkunnskap tar dei BT med på tur i romankarakteren Jakobs fotspor. Først med tog til Charing Cross, så ein liten spasertur til King Street i Covent Garden. Me kjøper kunstferdige makronar på Ladurée og tar undergrunnen til den eksklusive bydelen Knightsbridge for å kjøpa fire handlaga sjokoladebitar hos Pierre Hermé.

- Slik gjer me det. Me nyt heller eit par verkeleg gode sjokolade­bitar enn å trykka i oss ein stor Snickers-sjokolade, seier Øyre.

Bygda og verda

Verken Øyre eller Jostein har tru på at dei kjem til å flytta tilbake til Norge. Tvert om ser dei for seg barn, familieliv og yrkesliv i London. Dei tronge dalføra i heimtraktene vil dei ikkje tilbake til.

Eg tok meg sjølv i å få ­frysningar av ein foss i sommar, men eg lova meg sjølv at eg skulle halda kjeft om det

- I huset der eg vaks opp, var fjella så bratte at eg måtte bøya hovudet ut vindauget for å sjå himmelen, seier Øyre.

Men synet på gamlelandet har likevel endra seg for dei to.

- Me har alltid lengta ut, men når me er i London, er det ikkje noko naturleg neste steg. Dermed har me kunna orientera oss heimover igjen. Me har funne tilbake til ting som før blei overskygde av behovet for å koma ut, seier Fretland, og har ei lita tilståing å koma med:

- Eg tok meg sjølv i å få ­frysningar av ein foss i sommar, men eg lova meg sjølv at eg skulle halda kjeft om det, seier han med ein flir.

svp://30475
Publisert: