— Det er problematisk, vedgår festivalleiar Stein Helge Mandelid. - Målsetjinga for kunstfestivalen «Agalaus» er å få fram kva som provoserer i vår tid. Men desse figurane blei altså for sterkt kost for ein del skulefolk.

Så i staden for å insistera på kunstens fridom eller provoserande kraft, valde styret i Voss kunstlag å dekka til to skulpturar med kvit linduk då skulebarn skulle besøka utstillinga i Kunsthall Coop denne veka.

Den eine syner det ein kallar «autofellatio» på fint, altså ein mann som sug sin eigen tiss. Den andre figuren driv autocunnilingus, altså ei kvinne i liknande aktivitet.

Kollegialitet

Eit kollegium på Vangen barneskule vedtok å halda elevane borte dersom desse skulpturane var synlege i utstillinga. Og festivalleiaren, som sjølv er lærar for ein andreklasse på nettopp Vangen skule, godtok sensureringa av dei to verka medan barna var på vitjing.

Dels av omsyn til kollegaene, og dels av omsyn heilskapen av utstilte kunstgjenstandar, over hundre verk i Coop kunsthall.

AUTIOFELLATIO: Akrobatikk i kunstrommet. FOTO: PER FINNE

— Den midlertidige tildekkinga er flaut ovanfor festivalen sjølv, det er det eine, seier han. Kuratoren for alle utstillinga under Agalaus kunstfestival, Kjell-Erik Rud, som for øvrig er Mandelids eigen ektemann, var heilt i mot sensureringa.- Dessutan er det dårleg gjort mot kunstnaren sjølv, som vi har invitert hit. Men med tanke på alle dei andre fine kunstverka her, som eg synest skuleborna måtte få sjå, gjorde vi dette kompromisset, seier festivalleiaren.

Sigersgudinne

Kunstnaren Kamilla Sajetz Mathisen kallar sjølv porselensfigurane «Victory1» og «Victory 2». Ho fortel dei kan minna litt om den kjende skulpturen «Nike fra Samothrake».

— Eg synest det er absurd at figurane mine blei tildekte for elevane. Dels med tanke på kva som elles står utstilt her, av barn ramma av vald. Dessutan er seksualitet noko barn har, og som det er viktig å tala med dei om. Ifølgje Sajetz Mathisen står dette målet nedfelt i læreplanen for skulen, sjølv om det frå lærarhald blei nekta for dette, atter ifølgje henne.

Kunstnaren, som er utdanna og bur i Bergen, vedgår at motiva nok kan støyta somme menneske, men understrekar at det er ei fundamental grense mellom kva barn gjer med sin eigen kropp, og kva ein gjer mot andre.

— Ein må snakka med barn om kva som er greit, og kva som ikkje er det. Og her trur eg at kunsten er eit veldig godt middel, legg ho til.

Då BT var til stades på utstillinga etter skuletid, kom fleire av elevane attende for å ta figurane i betrakting, no utan linduk og vaksen sensurering. Latteren sat laust, verka det som. Det er den klassiske effekten av forbod.

Ifølgje kuratoren for Agalaus-utstillingane, Kjell-Erik Ruud, laga Vangen skule eit umogleg ultimatum; tildekking eller å ikkje ta elevane med. Rektoren på Vangen skule, Åshild Søvik Underdal, fortel ho kjenner til problemstillingane som Kunsthall Coop skapte i lærarkollegiet sitt, utan at ho sjølv var noko part i vedtaka. Ho synest det er viktig at barn får sett kunst, og diskutert problemstillingar som er knytt til han, og for så vidt til barns seksualitet, men at denne utstillinga kom litt brått på for dei planane lærarane alt hadde lagt for undervisninga.

— Om ikkje våre lærarar let barna sjå desse figurane, må foreldra gjerne sjølve gjera det. Ho vil gjerne oppfordra foreldra til å nytta det høvet som Agalaus-festivalen er, til å møta vidt ulik, og provoserande, kunst.