- Han forma heile livet mitt

Musikarar over heile verda er i sorg etter at Lemmy Kilmister døydde. Bergensmusikar Tore Bratseth stod rockelegenda nærare enn dei fleste i byen.

HELT: Tore Bratseth fekk fleire møte med idolet Ian «Lemmy» Kilmister. - Han er sjølve definisjonen på rock 'n' roll, seier ein trist bergensmusikar om den avdøydde rockelegenda. Her er dei to saman i Stavanger i 2005 - biletet er signert av Lemmy.
  • Harald Espeland
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel

Rockeikonet Ian «Lemmy» Kilmister er død, 70 år gammal. Motörhead-grunnleggjaren sovna inn mandag, berre to dagar etter at han fekk veta han hadde kreft. Mannen levde hardt, og blei sett på som sjølve personifiseringa av rockemyta om sex, dop og rock 'n' roll.

Over heile verda minnast musikkinteresserte rockelegenda. Tore Bratseth speler gitar i hyllestbandet Bömbers, som speler på rockefestivalarverda rundt. Han møtte Motörhead-vokalisten fleire gongar, både privat og som journalist for diverse medier.

— Han har forma heile livet mitt. På grunn av han har eg fått ufatteleg mange vener, og kome meg ut i verda for å spela for folk. Han har gitt meg livsvisdom og opna mange dører, seier ein gråtkvalt musikar til BT.

Les også:

Les også

Dei spelte for helten på Garage. Plutseleg dukka han opp.

— Kunnskapsrik

Bratseth fortel om møter med ein svært imøtekomande og kunnskapsrik musikar.

— Me fann tonen. Intervjua gjekk alltid over den tilmålte tida, for me hadde så mykje anna å skravla om. Han viste ein ekstremt vid og djup kunnskap om rock 'n' roll.

— Her er det snakk om ein mann som såg The Beatles spela på sjølve Cavern Clubi Liverpool. Han kan hugsa tida før rock 'n' roll oppstod, og har vore med heile vegen. Lemmy er sjølve definisjonen på rock 'n' roll, seier musikaren som òg har hatt fleire musikalske opplevingar saman med heltane i Motörhead. Seinast i november spelte han saman med trommis Mikkey Dee i Hamburg.

Kilmister er ikkje den einaste Motörhead-musikaren som nyleg har gått vekk. Phil «Philthy Animal» Taylor var med frå første album i 1975 fram til tidleg nittital, med unntak av tre års pause. Han døydde i november av leversvikt, 61 år gammal.

Sjølv har Tore Bratseth sett Motörhead live 45 gongar. Allereie har han fått førespurnader om å stella i stand hyllestkonsertar i London og Bergen med Bömbers. Dei har han takka blankt nei til. Tida er langt i frå moden for business, seier han.

— Eg sit her og grin. Det er heilt jævlig. Det er ein veldig tung dag.

Tidleg i Bergen

BTs musikkskribent Einar Engelstad såg Lemmy Kilmister opptre allereie før han slo gjennom med Motörhead. Tidleg på syttitalet vitja han Bergen som bassist i progrockbandet Hawkwind. Konserten fann stad i det gamle Konsertpaleet.

— Då var han ein relativt ukjend bassist som ikkje gjorde mykje utav seg. Du la ikkje spesielt merke til han under konserten, seier Engelen.

Seinare har rockelegenden spelt fleire gongar i Bergen med Motörhead - seinast i Grieghallen i 2012. «Litt småslitt Motörhead» var tittelen på Engelen si anmelding den gongen.

Les også:

Les også

Motörhead-legende død

— Samanlikna med då dei spelte i Teatergarasjen i 1997, var det tydeleg at den same aggresjonen og gutsen ikkje var heilt på plass. Det var ein konsert der du heller fekk inntrykk av at bandet stilte på scenen, dei gjorde jobben, og dei ville bli ferdig med det.

Trass i dette er ikkje Engelen i tvil om den avdøydde rockaren sine kvalitetar.

Kulturlederens utvalgte

Nyhetsbrev Liv Skotheim er kulturleder i BT og gir deg hver torsdag de beste sakene fra kulturverdenen.

— Han er ekstremt spesiell i rocken, særleg på grunn av det rå uttrykket. Motörhead låt aldri som noko anna enn Motörhead. Det står respekt av alle band som aldri let som noko anna enn seg sjølv gjennom 35 år.

Publisert
BT anbefaler

«Et historisk dypt fall»

Beyers avgang sjokkerer. Nå må Festspillene også pleie omdømmet sitt.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. – Fløy 15-20 meter før den landet hos naboen

  2. 14 nye smittede i Bergen

  3. Syklist påkjørt ved Lagunen

  4. Her er Bergens nye ordførar

  5. – Når dere parkerer her, får ikke vi besøkt våre kjære

  6. Disse to suser inn på dyrlegetoppen. Sikret kjempegevinst i fjor.