Faldbakken i fin form
Spenstig krimgåte om hat og hemn

Overbetjent Jonfinn Valmann er ikkje den mest markante politietterforskaren i norsk krim, til det er han utstyrt med for få karakteristiske trekk. Drapsgåtene som Faldbakken let han løyse, er likevel fascinerande nok, takka vere originale vriar på intrigen og språkleg driv.
«Senskade» hentar som så mange av Faldbakkens bøker konfliktstoffet sitt frå den vanskelege intimsfæren. Vi møter erotikk på avvegar og kjærleik som blir til hat. For Valmann og kollegaene hans ser det ikkje så vanske— leg ut i førstninga, for kvinna som blir funnen død i sitt eige hus på Hamar, har ein eksmann som er ein notorisk mishandlar.
Problemet er at han er i Trondheim då drapet skjer. Ein mistenkjeleg venn har ho også, men han har alibi, han med. Det er ikkje så enkelt likevel. Enkle er heller ikkje personane, dei gøymer på gamle løyndommar, og dei lever liv som dei berre motvillig vil la politiet få innsyn i. At menneske ofte er noko anna enn dei ønskjer å vere, blir illustrert både på den eine og den andre måten.
Som den drivne forteljaren Faldbakken er, veit han å halde tilbake informasjon når det trengst, og å kaste inn nye moment som pirrar og forvirrar når vi minst ventar det. Forteljinga er svært rik på dialogar, og for denne lesaren er replikkane det beste i boka. Dei er aldri slappe eller likegyldige, dei er ein viktig del av personteikninga, og dei formidlar ofte ein befriande humor. Det siste kan kome vel med, for emnet for denne boka er alt anna enn lysteleg.
Sjølv om handlinga går for seg i den høgst verkelege byen Hamar, legg ikkje Faldbakken særleg vekt på å lage miljøskildringar for dei lokalkjende. Heller ikkje personskildringane er særleg utbroderte. Dette gjer at Jonfinn Valmann blir ståande som ein litt preglaus helt, ein vi gjerne skulle visst noko meir om. Han har ein sambuar som han elskar, og han let seg ikkje vippe av pinnen sjølv når han går på bar, men kva skjuler seg elles bak den sympatiske fasaden? Om noko manglar her, skal forfattaren i alle fall ha ros for at han ikkje har skapt ein til av desse Phil Marlowe-kloningane.
AUDUN SJØSTRAND
Er du enig med vår anmelder? Si din mening her:
Kulturredaktørens utvalgte
Nyhetsbrev Jens Kihl er kulturredaktør i Bergens Tidende og gir deg hver torsdag de beste sakene fra kulturverdenen.Mest lest akkurat nå
Han ville skrive om strøm. Så sa hans tre år gamle datter noe som skremte ham.
Trafikkulykke i Kvinnherad – skal være store materielle skader
I ett europeisk land er det dyrere å feriere enn i Norge
Sian-leder skal ha blitt presset av veien – bilfører pågrepet
Da Emilia var blitt fire år, ringte de til datteren med nyheten
I verdens nordligste bøkeskog arrangeres en tredagers festival: – Endelig skjer det noe i bygden