Unnlatingssynder

Debutant spør modig om nokon kan fortene å bli mobba

  • Guri Fjeldberg
    Guri Fjeldberg
    Bokanmelder
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over ti år gammel

Stiloppgåva ber Lea skrive ei forteljing med utgangspunkt i diktet "Det er langt mellom venner" av Kolbein Falkeid. For første gong fortel 9. klassingen om mobbinga ho opplevde på den førre skolen ho gjekk på. Læraren kritiserer stilen for å vere lite truverdig og rår henne til heller å skrive om noko sjølvopplevd.

Sanninga er med andre ord verre enn dei vaksne likar å tru, ifølgje debutant Sunniva Relling Berg. 23 åringen frå Ålesund avslutta Skrivekunstakademiet i vår og debuterer med ei bok som handlar om kor vanskeleg det er å finne seg til rette på ein ny plass ytst i havgapet. Dei fleste som har lese ungdomsromanar om mobbing tidlegare, vil kjenne igjen dilemmaet til Lea: Den som vel å bli venn med dei utstøytte, står sjølv fort i fare for å bli mobba og utstøytt.

Lea tek likevel parti for to av dei mest plaga, Jonas og Mia, og forfattaren får fint vist korleis gutar og jenter blir mobba på ulike måtar. Moderne forsking på mobbing har lært oss at mobbarar ikkje treng nokon grunn. Reint psykologisk er det likevel interessant at forfattaren problematiserer kva som ligg bak. Lea spør seg kvifor særleg Jonas finn seg i å bli plaga, og kvifor han blir plaga sjølv av folk som elles er greie. Kan han og Mia ha fortent det?

Mystikken rundt Mia og Jonas blir så sentral at Leas eigne vanskar hamnar i bakgrunnen. Den gradvise oppklaringa minner om ei krimgåte, men forteljinga sviktar litt når det til slutt berre er problema til dei to som får ei avklaring. Rett nok er Lea ein skikkeleg nerd med større talent for kvantefysikk enn venner, men ho er ingen detektiv. Boka opnar med merksemda på hennar einsemd og skrikande sosiale problem, og da er det skuffande å sjå henne stå att i ei tafatt birolle.

Dei vaksne i boka er også påfallande tafatte, og ikkje ventar Lea særleg mykje av dei heller, som om denne hjelpeløysa er slik det må vere. Sjølv om Relling Berg har litt å gå på både språkleg og psykologisk, gir ho her mobbetematikken ein ny vri. Det er nemleg ikkje alt det galne folk gjer som svir mest i Utfor, det er alt dei ikkje gjer.

Kulturlederens utvalgte

Nyhetsbrev Liv Skotheim er kulturleder i BT og gir deg hver torsdag de beste sakene fra kulturverdenen.

Er du enig med vår anmelder?

file61w8znws2jd1j8cylfw.jpg
Publisert
  1. Litteratur
  2. Bokanmeldelse
BT anbefaler

McDonald’s og Burger King får konkurranse. Nå blir det burgerkrig i Åsane.

Ny burgerrestaurant åpner i lokale like ved McDonald’s.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. «Det er så flaut, så pinlig, så totalt ydmykende»

  2. Nå har de sikret seg bane over Bryggen: – Tenker på nytt byråd i helgen

  3. Eidsvågtunnelen stengte mot sentrum

  4. Frykter at omikron vil rykke oss «tilbake til start». Dette vet vi så langt.

  5. Storbritannia skjerper reisereglene

  6. – Skal vi bruke sekseren, er det nå