**Eg er så heldig at eg vaks opp** på ei kai med bokbåtstopp. Kvar haust og vår sat venninna mi og eg klistra til radioen når meldingane kom på By og bygdenytt: «Bokbåten «Epos» legg i dag til kai på Fusa, Skjørsand og Strandvik.» Det var vår kommune. Då visste vi småjentene at lukka snart kom til Holmefjord òg. «No kjem bokbåten!«

I ei tid med små folkeboksamlingar og mangelfulle skulebibliotek vart bokbåten inngangsporten til ei mangfaldig litterær verd. Heldig var den som fekk med seg heim eit eksemplar av «Barnetimeboka», «Otter tre to kaller», «Veien til Agra» eller som eg, «Klåfingerdagen» med lille O i hovudrolla. Når boka var lest, gjekk vi til postmannen og leverte. Det var han som var den mest fortrudde bokmannen i bygda.

Hordaland fylke har 33 kommunar. 32 av dei har direkte tilgjenge til sjøen. Bokbåten har stopp i 22 av dei. På novemberturen i fjor fekk 51 stader besøk av dette flytande biblioteket. På vårturen som allereie er godt i gang, står over 40 stader på rutetabellen.

I Oslo byggjer dei nytt hovudbibliotek. Svimlande 3,1 milliardar skal det koste, men hovudstaden fortener eit palass til ære for boka. Her vest stampar bokbåten seg fram i brotsjø og brenning og legg til kai på plassar der mange meiner ingen skulle bu. Enn så lenge får folket som held til i bygder og grender langs fjordane og i havgapet besøk av dette litt meir smålåtne kulturtilbodet. Det er ikkje akkurat eit cruiseskip som går fjordalangs, lasta med bøker og kunnskap. Men det kan det kanskje bli? Eit litterært cruiseskip, eller heller ei Noahs ark med hyller fulle av alle slags rare forteljingar.

«Kvart år det same» skriv Jon Fosse i eit dikt om noko heilt anna. Det kunne like gjerne handla om bokbåten. Det er nærast blitt ei årviss hending at fylkesbyråkratar og politikarar ser mot bokbåten når dei tel kroner og skal saldere budsjettet. Også i haust snudde politikarane etter press og aksjonar, og løyvde det som skulle til for sikre bokbåten drift eit år til.

1,4 millionar kostar det Hordaland fylke å halde bokbåten på kjøl i år, om lag eit tilsvarande beløp sikrar drifta i Møre og Romsdal. Men i Sogn og Fjordane klarte dei ikkje berge han. Der har dei tatt farvel med «Epos». No siglar bokbåten forbi på reisa mellom Hordaland og Møre og Romsdal. Vedtaket i fylkestinget i Hordaland før jul kan fort vise seg å vere berre ei nådetid. Til hausten kan byråkratiet og dei folkevalde igjen truge med å fortøye den litterære skuta for godt.

Vi som er glade i bokbåten bør ikkje kvile på laurbæra, men bruke omrømmingstida til å tenkje nytt og ekspansivt, vende bladet og sjå om det er noko anna enn forteljinga om nedlegging som skjuler seg på neste side. I staden for salderingspost og trugsmål om nedlegging kvart år, kan bokbåten oppgraderast til å bli flaggskipet i den norske bibliotekflåten. Kva med å utvikle «Epos 2.0»?

Bokbåten er eit unikt tilbod, ei merkevare søkklasta av innhald og symbolkraft. Det er slikt som er etterspurt i vår tid. «Epos» byr på kortreiste opplevingar og litterære turar verda rundt heilt utan flyseteavgift. Han har stampa seg fram over Sognesjøen og Stadhavet i over 50 år. Det kan vel kallast eit robust og berekraftig kulturtilbod.

Kvifor ikkje gjere bokbåten om til eit heilårs bibliotek for folket langs heile vestlandskysten, ikkje berre i bygdene. Bergenske bydelar kan saktens ha bruk for eit bokbåtanløp eller fleire etter kvart som bibliotekfilialane vert lagt ned. Det er mange bygdelag i Bergen og omland med eigen kai. På Laksevåg saknar dei biblioteket sitt. Bokbåten kan leggje til ved det gamle kommunehuset på laurdagar. Kulturbygda Alvøen har både kai og folk.

Bokbåten treng heller ikkje vere berre for barn og unge. Sjølv drøymer eg om å leggje ut på poetisk båttur til Olav H. Hauge-dagane i Ulvik, og kanskje kjem ein gong bokbåten til å kome på litterær visitt til Strandebarm med Jon Fosse som tema. Om sommaren strandhogg på festivalar, om hausten litterære cruise med boklanseringar og gløgg. Sjømannscruise med Jon Michelet og krimkveld med Gunnar Staalesen, kanskje kan vi vitje «Hellemyren» i samarbeid med DNS? Eit flytande bibliotek kjem seg fram så mange stader.

Tidlegare i haust stilte dåverande kulturminister spørsmål i Aftenposten om kulturlivet var førebudd på den humanitære krisa Europa står overfor. Kulturarbeidarar og publikum må vere førebudd på at dette kjem til å koste, sa ho, samstundes som ho la vekt på at innvandringa vil tilføre kulturlivet nye stemmer. I desse tider vert flyktningar og asylsøkjarar sende ut i Bygde-Norge. Det fører til uro både hos bygdefolk og dei nye naboane. Bokbåten, bibliotektradisjonen, kan verte ein møtestad mellom det norske og det som kjem utanfrå.

Korleis skal heilårsdrift av bokbåten finansierast — politikarane har knapt nok råd til dagens drift? Og treng kulturkjerringar og anna godtfolk enno ein offentleg støtta boltreplass? Eller er pengeknipa så ille at bokbåten må kommersialiserast, bli turistfelle og opplevingsattraksjon på linje med Trolltunga og Vøringsfossen?

Heller det enn nedlegging. Det går an å tenkje seg ein kombinasjon av offentleg og kommersiell drift. Det finst betalingsvilje til unike kulturopplevingar. Kanskje må også kulturlivet tenkje nytt no når landet ser ut til å gå inn i magrare tider? Kanskje er det på tide å sjå nærare på kva kulturkronene går til rundt om i kommunane og vurdere om dei kanskje kan nyttast betre. Treng vi verkeleg alle kulturveker og -dagar med program som omfattar det meste? Fjorårets kulturdagar i Arna gjekk over ni dagar med 69 postar på programmet - dei andre bydelane i Bergen kan vise til liknande aktivitet. Kva med alle små og store kultur- og bygdeprisar? Treng vi dei? Berre språkprisane som ofte går til journalistar og skribentar, som gjer det dei faktisk er betalte for i arbeidstida - skrive og tale eit godt og forståeleg språk, utgjer mange tusen kroner i løpet av eit år.

Då bokbåten la frå kai i heimbygda mi for siste gong, hadde eg for lengst funne nye heltinner i litteraturen. Lille O var erstatta av Pippi og Nancy Drew. I tenåra overtok så forskjellige damer som Alberte og Miss Marple. Men den første var lille O. Måtte nye heltar og heltinner stige i land frå bokbåten i bygdene i Hordaland også i framtida.