- Eg har gjort ganske mykje

Tone Damli Aaberge har ingen problem med å gi ut ei samleplate i ein alder av 24 år. No kjem ho til Bergen.

HAR SUPPORTERKLUBB: - Eg får mange hyggjelege blikk og smil. Eg føler eg har ein slags supporterklubb der heime, seier Tone Damli Aaberge om heimbygda Sogndal. Foto: SCANPIX

  • Harald Espeland
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over ni år gammel

— Eg tenkjer det ikkje kjem an på kor gammal ein er - det kjem an på kva ein har gjort. Og eg har jo, i ein alder av 24 år, gjort ganske mykje. Eg har gitt ut fire plater, og har godt over femti låtar på repertoaet. Så eg føler eg har eit greitt grunnlag for å gi ut ei samleplate, seier Tone Damli Aaberge.

Sogndalsjenta som blei superstjerne etter «Idol»-deltakinga i 2005 slepp plata «Looking Back» på fredag. I tillegg til eit knippe låtar frå karrieren til no, har ho inkludert fire nye songar på albumet.

Sidan debuten med førstealbumet «Bliss», har artisten gått frå countrypop til reinspikka pop og rock. Sjølv ser ho på stilendringa som heilt naturleg.

— Eg byrja vel meir vakse, og så blei det yngre og yngre etter kvart. Det handlar om at ein får nye impulsar og nye inspirasjonskjelder. For min del har det vore viktig å utvikla seg og få gjera nye ting. Det har vore ei naturleg utvikling, seier Damli Aaberge.

Sjølv høyrer ho på alt frå jazzgruppa Esbjørn Svensson Trio til bluegrassartisten Allison Krauss for tida.

— I det siste har eg òg høyrt mykje på Emeli Sandé. Elles høyrer eg òg mykje på aktuell musikk - det som ligg på topp ti på listene. Eg er ganske allsidig og variert når det kjem til musikksmak.

Vil vera kjent for meir enn musikk

Gjennom forholdet til filmstjerna Aksel Hennie, deltaking i realityprogram som «Skal vi danse», og ikkje minst hennar eigen blogg, er Damli Aaberge blitt kjent for mange andre ting enn berre musikken. Det har ho heller ingen problem med.

— Det synest eg sjølvsagt er heilt greitt, for det er noko eg har valt. Eg kjem jo frå eit konsept - «Idol» - og når du er med der, blir du bygd opp av pressa, på eit vis. Du blir kasta rett inn i det. Slik har det alltid vore for meg, og eg veit ikkje om noko anna.

- Kvifor har du valt å bli kjent for andre ting enn berre musikken?

— Fordi eg har det veldig bra med det, rett og slett. Eg takkar òg nei til ekstremt masse. Eg har halde meg medvite vekke frå ein del TV-ting som ein del andre stiller opp på.

Elskar Sogndal

Kvinna som for sju år sidan stilte opp på «Idol» som 17-åring, er raskt blitt ein av Noreg sine største kjendisar. Trass i at ho har flytta til hovudstaden, og bur saman med ei av Noregs største filmstjerner, har ho på ingen måte gløymt kor ho kom frå.

FOTBALLJENTE: Tone Damli Aaberge har alltid vore opptatt av fotball. Her på Sognefjord Cup i 2000. Foto: ØYSTEIN TORHEIM

— Eg elskar å koma heim, og eg ser på Sogndal som ein fristad. Det er ein stad der eg slappar av, og er i komfortable omgjevnader. Eg er der sikkert oftare i snitt enn venene mine er. - Så der får du gå på gata i fred?

— Absolutt. Men eg får mange hyggjelege blikk og smil. Eg føler eg har ein slags supporterklubb der heime. Og det er veldig deilig, seier den dedikerte Sogndal-supporteren.

Nyleg stilte ho opp i kampreklame før Vålerenga-Sogndal i Eliteserien i fotball. Det gjekk ikkje forbi sogndølane i stilla at heile bygdas popstjerne innrømte at Vålerenga var bra.

- Er ikkje det tabu for ein fotballsupporter å innrømma at andre lag er gode?

— Det eg sa var at eg synest det Vålerenga gjer for Oslo by, er veldig bra. Dei jobbar ute i samfunnet og tar til seg ungdom som ikkje har det så greitt. I tillegg er eg mykje med mange folk som er VIF-tilhengjarar. For meg er ikkje Vålerenga ein hatklubb, men når Sogndal kjem til byen, er det no mercy! Og det følte eg òg kom godt fram i den kampanjen.

- Eg har ein sunn kropp

I samband med platesleppet, skal Tone Damli Aaberge opptre på kjøpesenteret Lagunen i Bergen fredag. Der blir det signering og minikonsert.

— Signeringar synest eg er veldig hyggjeleg, og eg trur det er litt viktig òg. Eg gler meg alltid til å koma til Bergen, for der er det så mykje liv. Det er godt oppmøte og god stemning.

På den nye plata, er òg låten «Look Back» med. Då videoen til denne kom ut i vinter, blei det debatt - Damli Aaberge fekk kritikk for å opptre med lite klede. BTs Charlotte Myrbråten - som òg er redaktør i feministtidsskriftet Fett - anmeldevideoen (for avisa, journ. mrk.), og artisten gav sjølv ein uttale via bloggen sin. Tre månader seinare, har ho forståing for kvifor det blei debatt.

— Eg skjøner det, fordi ein i Noreg kanskje ikkje har hatt så mange av akkurat den typen videoar. Men eg ser tilbake på han, og tenkjer at det ikkje er så mykje å laga oppstyr for. Eg føler det er ein ganske estetisk fin video, og eg kjenner heller ikkje at eg blottleggjer meg på nokon måte. Samtidig føler eg òg at eg har ein sunn kropp - eg har gode verdiar, og slikt sett, stiller det seg positivt. Det vil alltid finnast synsarar og meinarar som skal gå ut og kritisera, og det er heilt greitt, seier kjendisen.

Publisert
  1. Musikk
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Begge overlevde Utøya. Torbjørn ble i politikken, Martin havnet i fengsel.

22. juli 2011 løp de for livet. Ti år etter er «Martin» i fengsel, mens Torbjørn skal forsvare hans hjertesak…

Mest lest akkurat nå

  1. Her slår lynet ned. – Flere branner i terrenget.

  2. Opp mot 20 personer forlot lokalet da de fikk vite hva som var i sprøyten

  3. Hylles som en av Norges beste: – Han har en helt sinnssyk fot

  4. Motorsykkel av veien – person til Haukeland med flere bruddskader

  5. Sydenvarme i Bergen – men nå kommer regnet

  6. Julie (19) fra Bergen hyller tysk kroppsprotest: – Jenter må kunne gå med det de vil