Fiskekvinne skapar debatt på Stord

Somme meiner at den nye skulpturen til Stord kommune er «ein hån mot kvinnekroppen».

Publisert Publisert

FISKEKVINNA: Stordkunstnar Inga S. Søreide har laga skulpturen «Fishwoman», som skapar debatt på Stord. Foto: Lena Vermedal

— Det er spanande at kunst engasjerer. Det betyr eigentleg berre at kunstnaren har lukkast, seier Nina Rud, tilsett ved Galleri Giga på Leirvik der skulpturen «Fishwoman» av Inga S. Søreide er utstilt.

Avisa Sunnhordland melder at Stord kommune har kjøpt kunstverket for 40.000 kroner henta frå kommunen sitt utsmykkingsfond. Mange har vore innom galleriet for å sjå på skulpturen, som er laga av den lokale kunstnaren frå Stord. Reaksjonane lét ikkje venta på seg både i avisspaltene og i debattfora.

- Stygge saker

- Ein hån mot kvinnekroppen, meinte fleire kvinnelege tilsette ved Backertunet på Stord.

Eli Lillebø er ein av dei kommunetilsette ved sjukeheimen som reagerer på kunstkjøpet.

— Det me reagerer på er at det liksom skal vera ein kvinnekropp. Kvinnekroppen er eit kunstverk i seg sjølv, som på ingen mogelege måtar bør identifiserast med ein fisk. Nei, dette var stygge saker, seier Lillebø til avisa.

- Utanfor komfortsona

Rud ved Galleri Giga tykkjer det er gøy at kunst engasjerer og utfordrar.

— Søreide er ein kunstnar som likar å utfordra og laga kunst utanfor komfortsona, seier Rud.

Ho forklarer vidare at kunstnaren jobbar ut ifrå ein evolusjonsteori med livet i havet og skapinga som tema.

— Søreide er ein spanande kunstnar som trekkjer både psykologi, evolusjon, metafysikk og mytologi inn i kunstverka sine, seier ho.

- Toler leik, vind og vatn

— Kvifor trur du folk reagerer på kjøpet?

— Eg trur folk hissar seg opp fordi kommunen har dårleg råd, men dei har vore svært forsiktige med kunstinnkjøp dei seinare åra. Det er jo heller ikkje store summen med 40.000 kroner, seier Rud.

- Er det ein hån mot kvinnekroppen?

— Nei, det kan eg ikkje forstå. Kvinnekroppen har vore brukt i kunst i alle tider, og det har ikkje alltid vore vakkert framstilt, seier Rud, som legg til at skulpturen er laga i solid materiale og vil tola å stå ute i både vind og vatn.

— Folk kan nytta han som benk og ungar kan klatra på han. Det skal han tola, seier Rud.

Stolt over kunstnar frå Stord

Ifølgje Håkon Frode Særsten (V), leiar i det kommunale utsmykkingsfondet, skal skulpturen plasserast i det offentlege rom ein plass på kaien. Han meiner tusenlappane er vel investerte pengar.

— Eg meiner det er fantastisk bra at kunstverket vekkjer debatt. Dersom me hadde brukt pengane på pastellar som passa i tapeten, tenkjer eg at det ikkje ville vore vel investerte pengar, seier Særsten.

Han er på ferie og har ikkje fått med seg debatten heime. Han forstår at folk kan reagera på at kommunen brukar pengar på kunst, men strekar under at det er ei lovpålagd oppgåve å setja av midlar til kunstutsmykking i nybygg.

— Stord kommune har vore veldig restriktive med kunstinvesteringar i nybygg. Dette meiner eg er ei flott investering i eit kunstverk laga av ein kunstnar frå Stord. Det er inspirert av japansk myte om sjøvesenet som gjekk i land. Eg meiner det passar veldig flott på Stord, seier Særsten som hadde eit samla styre i utsmykkingsfondet med seg på avgjerda.

LIKAR ENGANSJEMENT: - At kunst engasjerer er eit teikn på at kunstnaren har lukkast, meiner Nina Rud på Galleri Giga på Leirvik Foto: Lena Vermedal

Publisert