DNS blir skulda for å krenkje både ære og privatliv. Kan dei bli dømt?

Høyr vekas episode av BT20.

PODKAST: Jurist og kommentator Eirin Eikefjord, programleiar Ingvild Nave og kulturredaktør Frode Bjerkestrand er med i podkasten. Vegar Valde

Den Nationale Scene har fått to advokatar på døra på berre ei veke.

Inger Hjort har truga med søksmål fordi ho meiner stykket «Arv og miljø» invaderer privatlivet til familien hennar. Filosof Nina Karin Monsen har også hyra inn advokathjelp for å få endra teaterstykket «Kim F», som Monsen meiner ærekrenkjar henne.

– Ingen såg dette kome. Det kom som lyn frå klar himmel, fortel teatersjef Agnete Haaland, som ikkje trur krava vil nå fram.

Kvar går eigentleg grensa for kva ein kan ytre så lenge ein kallar det kunst?

Vi har med oss jurist og kommentator i BT, Eirin Eikefjord, og kulturredaktør Frode Bjerkestrand.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finner den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.

TRUGA MED SØKSMÅL: Teatersjef Agnete Haaland har fått to krav frå advokatar som meiner teateret har teke seg for store fridomar i oppsetjingane sine. Paul S. Amundsen