Mysteriet i Colombo

Hausten 2016 blei ei grav opna i Sri Lanka, og eit dresskledd skjelett henta opp. I New York sit ei enke og lurer på om ho endeleg skal få vita kven som tok livet av redaktørektemannen og gjorde at ho måtte flykta.

– Eg trygla han om å ikkje dra på jobb den dagen. Men han drog likevel, seier Sonali Samarasinghe.

Ho sit draktkledd over ein lunsjboks på Manhattan, nokre hundre meter frå FNs høgreiste hovudkvarter i New York. Rundt oss summar det i lunsjprat mellom andre velkledde representantar for verdsdiplomatiet og den gode viljen. Like utanfor det vesle, fredelege torget der sola sildrar ned gjennom bladverket, buldrar storbytrafikken forbi, det remjar i New Yorks evige sirener.

Les hele saken med abonnement