Varierande effekt

Velspilt og rått klippa, men antiklimatisk.

Publisert:

PAKT: De to jentene i hovedrollene inngår en selvmordspakt – men så blir de kjent med hverandre. Foto: FILMWEB

Andreas Hadsel Opsvik

Internett er ein stad der alle kan finne felles interesser. Anten det er snakk om djupe samtalar over raudvin, glede i eit spel, eining om politiske meiningar eller ei spesiell interesse, finst det garantert eit forum der ute for det. Dette er sjølvsagt både positivt og negativt, noko som og vert trekt fram i filmen «Bambieffekten».

Veronica og Cecilie treff kvarandre på nettet , og inngår ei sjølvmordspakt. Saman dreg dei til Veronica si familiehytte. Med seg har dei eit videokamera for å dokumentere tankar og hendingar frå sine siste dagar, slik at familie og vener kan sjå kvifor dei gjorde valet sitt. I løpet av helga visar det seg derimot at dei ikkje er så like som dei trur.

Les også

[No available link text]

«Bambieffekten» gir seg ut for å vere videotapen dei har filma, og er slik sett veldig dokumentarisk i uttrykk. Filmen har ingen underlagsmusikk, ingen unaturlege lydar og er veldig rått redigert – noko som fører til at ein av og til vert tvungen til å anta kva som hendte mellom klippa, ikkje at det er noko gale i det!Denne stilen vart popularisert med «The Blair Witch Project», og er som oftast nytta i skrekkfilmar, men der stansar den største likskapen med denne sjangeren. I likskap med for eksempel fjorårets «Trolljegeren» vert illusjonen broten ganske raskt på grunn av kjende skodespelarar. Men det skapar ein heilskap som eg ikkje vart dregen ut av, og ei nærleik til rollefigurane. Eg trur dog at filmen kunne ha fungert like godt i eit tradisjonelt filmuttrykk.

I ein så spartansk produksjon som «Bambieffekten» er skodespelarane alfa og omega. Filmen er befolka av ei handfull skodespelarar som du mest sannsynleg har sett før i ein eller anna samanheng — alt frå reklamar til «Max Manus». Viktoria Vinge («Reprise») og Julia Schacht («Naboer») er filmens to hovudpersonar, og utgjer eit godt rammeverk for filmen som to motståande personlegheiter. Kristoffer Joner - som endeleg er attende frå meir «diverse» roller - er tilbake der eg likar han, som ein mann som ikkje snakkar særleg før han verkeleg må. Og for ein tordentale!

Regissør Øystein Stene og manusforfattar Linda Gabrielsen gjekk tidlegare i juli ut i ein kronikk der dei sa at Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -førebygging hadde sagt nei til eit samarbeid med filmskaparane av frykt for smitteeffekt frå filmen. Men det er nettopp å glorifisere sjølvmordet «Bambieffekten» ønskjer å unngå. I det som ender opp med å bli ei av filmens sterkaste scener forklarar rollefiguren til Kristoffer Joner akkurat kva som skjer når ein freistar å ta sjølvmord, når kroppen stretar i mot avgjerda sinnet har teke. Det er visst ikkje eit vakkert syn.

Resultateter altså ein film som sit igjen i kroppen ei stund etter du har sett den. Kombinert med sterke rolletolkingar er det absolutt ein film det er verdt å sjå. Det slår meg at filmens uttrykk kanskje i større grad er ein gimmick enn eit val, men det fungerer for «Bambieffekten». Nokre antiklimaktiske scener trekk ned, og spesielt slutten kom raskt og etterlét meg skuffa og spørjande, som ein tenåring som har reist handa opp for ein high five utan å få respons.

Som forfilm får du sjå Øystein Stene sin kortfilm «I siste augneblink». Nokon vil kanskje hugse den som Wenche Foss si siste rolle før ho døydde. Den er ei lita perle med nokre finurlege filmreferansar, og er ei interessant - om enn litt plutseleg - introduksjon til «Bambieffekten».

Einig med vår anmeldar? Sei di meining her!

Publisert: