Kong Kygos retur til Bergen

2000 billettar rivne bort til kveldens Kygo-konsert i Bergen.

svp://85695

Exit Los Angeles, enter parkeringsplassen under Grieghallen.

Det er Kygos første konsert i Bergen etter gjennombrotet tidlegare i år. Kyrre Gørvell-Dahll (23) er stjerneskotet som har gått frå eit relativt ukjent liv i Fana til offisiell status som landeplager i ei lengre rekke land og tilhøve i California.

Les også: BTs anmelder gir Kygo-konserten terningkast 4

For eit års tid sidan hadde han aldri prøvd seg som DJ. For tre dagar sidan fylte han heile Oslo Spektrum. For tida toppar hans siste singel «Firestone» VG-lista.

— Det er imponerande. Å gjere det så stort, det er utruleg imponerande, seier Mats Sangolt (26) i det han kjem inn inngangsdøra til parkeringsplassen som er gjort om til konsertlokalet. Med kona er han ein av dei 2000 i Dovregubbens hall, messe- og konsertlokalet under Grieghallen.

2000: For tre dagar sidan fylte Kygo Oslo Spektrum med 8000 tilhøyrarar. I kveld var konserten i Dovregubbens hall fylt med 2000 menneskje. Rune Sævig

FRÅ UKJENT TIL KJENDIS: For eit år sidan var Kyrre Gørvell-Dahll (23) eit relativt ukjent namn. I sommar kom gjennombrotet for bergensartisten. Rune Sævig

Les også: Terningkast 5 til Kurt Nilsen

140 millionar

Konserten starta 21.30 laurdag med Kygo som vandra ut på scena til jubel og lyden av hans eigen remix av Ed Sheerans «I see fire», den desidert mest spelte Kygo-sangen på nettstaden Soundcloud. Berre der er Kygos songar til i dag spelt over 140 millionar gongar.

Billettane til lardagens konsert var rivne bort dagar etter at dei blei lagt ut for sal i september. Sangolt var blant dei som heiv seg over internettet for å bestille då billettane blei lagt ut.

— Det å være på klubbar i Baltikum og så høre Kygo bli spelt, det er tøft når du kjem frå Bergen, seier han.

Det er remiksane av kjente artistar som har gjort Kygo til ein verdskjendis: Både Coldplay, Marvin Gaye og Ed Sheeran, blant anna, har Grøvell-Dahll laga eigne versjonar av.

«Ukjente Kyrre»

— Utruleg gøy med den gode responsen i heimbyen min. Eg gler meg veldig til spelejobben, sa Gørvell-Dahll til BT i slutten av september, då det var klart at konserten allereie var utseld.

I mars heldt Kygo konsert på NHH. I april blei han omtalt som«Ukjente Kyrre» då han skulle varme opp for Avicii. Så kom det store gjennombrotet, og Gørvell-Dahll har turnert sidan i Nord-Amerika og Europa.

Var du på konserten? Hva synes du?

REMIKSING: Artistar som Coldplay, Marvin Gaye og Ed Sheeran er alle miksa på nytt av Kygo. Coldplay tok kontakt for å få bergensaren til å remikse «Midnight». Rune Sævig

svp://85695