Kjendisar tause om <br/>kjendisjournalistikk

Mange kjendisar har takka nei til å delta på den opne høyringa om betalingsjournalistikk i Oslo i juni.

  • Kjersti Mjør
    Kjersti Mjør
    Journalist i BT
Publisert Publisert
  1. juni arrangerer Norsk Presseforbund for første gong ei open høyring om journalistisk metode. Kjendisjournalistikk og betaling av kjelder er tema, og ein ny rapport om Se og Hørs arbeidsmetodar blir presentert i Oslo på høyringa.
icon
Denne artikkelen er over 14 år gammel

Men ikkje alle inviterte har sagt ja. Tvert om har dei fleste kjendisane takka nei til å fortelje offentleg om sine erfaringar med Se og Hør.

– Eg trudde nok det ville bli fleire, men klandrar ingen. Dei er ikkje komfortable med å stille opp i ei slik høyring, seier generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund til BT.

– Kvifor ikkje?

– Av ulike grunnar. Nokre er redde for svertekampanje i Se og Hør, andre er avhengige av å ha eit godt forhold til bladet. Så er det dei som berre har godt å seie om Se og Hør, men ikkje tør å seie det fordi det er politisk ukorrekt.

Fortrulege samtalar

Fordi så få har sagt ja, har presseforbundet avgjort at høyringa blir utan kjendisar. Årsaka er at utvalet ikkje er representativt. Men kjendisane kjem likevel til orde. I den nye rapporten, som Gunnar Bodahl-Johansen ved Institutt for journalistikk skal presentere, fortel mange openhjartig om sitt forhold til Se og Hør.

– Ingen har nekta å snakke fortruleg med oss, seier Kokkvold til BT.

– Er kongefamilien representert?

– Eg har ikkje lyst til å seie kven vi har hatt kontakt med. Det er ein del av den fortrulegheita dei fleste er lova.

I staden for kjendisar stiller journalistar og redaktørar frå kjendisblad og tabloidar. Mellom dei er sjefredaktør Bernt Olufsen i VG, og ansvarleg redaktør Anne Aasheim i Dagbladet.

BT har ikkje fått stadfesta om Se og Hør-redaktør Odd Johan Nelvik møter, men sjefredaktøren Rino Rådahl i Her og Nå har sagt ja til å kome.

Betalar for eksklusivitet

Den tidlegare BA-journalisten har jobba i Her og Nå sidan bladet vart etablert i 2001, og dei siste to åra har Rådahl vore sjefredaktør. Han har ingen problem med å svare på spørsmål under høyringa.

– Vi har ikkje lagt skjul på at vi betaler for gode og eksklusive saker, og for bruk av tida til kjendisane når vi lagar reportasjar, seier Rådahl til BT.

– Kjem vi til å få vite noko nytt om Her og Nå sine arbeidsmetodar?

– Det trur eg ikkje. Kjendisjournalistikk er som annan journalistikk. Vi bruker heilt vanlege journalistiske metodar.

– Meiner du det er vanleg å betale folk for å stille opp?

– Nei, men at vi brukar vanlege journalistiske metodar utover det at vi kan betale for saker, svarar Rådahl.

Han trur ikkje høyringa kjem til å forandre måten Her og Nå-journalistar arbeider på.

Frå Se og Hør til VG

Ein av journalistane som skal delta er Camilla Bjørn. 24-åringen jobba som reporter i Se og Hør i nær tre år, og jobbar i dag i Rampelys-redaksjonen i VG.

– Eg har ikkje sagt ja for å polemisere mot Se og Hør, men for å bidra til ein fagleg debatt om kultur— og underhaldningsjournalistikk, som er det eg jobbar med, seier Bjørn til BT.

– Er det stor forskjell på å jobbe i VG og Se og Hør?

– Ja, eg synest det. Det finst folk som ler når eg seier det, men det er mi erfaring.

Kulturlederens utvalgte

Nyhetsbrev Liv Skotheim er kulturleder i BT og gir deg hver torsdag de beste sakene fra kulturverdenen.

STILLER: Sjefredaktør i Her og Nå, Rino Rådahl, skal svare på spørsmål på den opne høyringa om kjendisjournalistikk i Oslo 11. juni, men trur ikkje høyringa kjem til å få konsekvensar for journalistikken i kjendisbladet hans.

Publisert
BT anbefaler

Mann (29) siktet for drap

Den unge kvinnen er død etter skadene hun ble påført.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Travelt for politiet med fest, fyll og brann

  2. Smitte på sju fly til og frå Bergen

  3. I fjor var det skrint. – I dag plukka vi to tonn før lunsj.

  4. – Vi elsker deg for alltid

  5. – Jeg har egentlig lagt Brann og Bergen bak meg

  6. Warholm satte rekord i Fana. Så ventet middag med Mohn.