Hyllest til moderne dans

Tek dans på lerretet til ein heilt ny dimensjon, men kjennest langstrekt for uinvidde.

Andreas H. Opsvik
4 av 6 hjerter

Mitt forhold til dans er følgjande: Om eg kjenner meg modig kan eg prøve meg på å danse, og eg har i keisemd sett ein del "So You Think You Can Dance" på late ettermiddagar. Diverre, kan eg kanskje seie, ettersom "Pina" er ein film for dei dansande massane. Dei moderne dansande massane.

Meir spesifikt er filmen ein hyllest til Pina Bausch si verd – den tyske koreografen som er ei legende i moderne dans-miljøet. Filmen skulle i opphavet vere eit samarbeid med kvinna, den første 3D-dansekunstfilmen, men ho døydde av kreft i 2009 like før opptaka skulle starte. I staden har dette blitt ein film dedikert til hennar minne, der vener og kjende frå dansetruppen dansar hennar koreografiar.

Og dei ulike medlemmene av Tanztheater Wupperthal skin i rollene sine, både sterke og svake dansenummer. 3D-en gjer dette endå nærare enn vanleg. Pustelydar er i tillegg gjort høgare, noko som ytterlegare forsterkar denne nærleikseffekten.

Wim Wenders er kanskje best kjend for sin "Paris, Texas", men dei siste åra har hans gang innan fiksjonsfilm vore heller laber. Då er det godt han heller trekk trådane frå den eminente "Buena Vista Social Club"! Måten å filme på er veldig lik, glidande kamera og lange takningar som framhevar det som skjer på lerretet. Dette er skildra i ulike miljø, i dansesalar og på scener, men òg i bymiljøet i Wuppertal.

Ulikt dei fleste kunstfilmar av denne sorten, er "Pina" filma i full 3D, eit klokt val. Filmen er nemleg på sitt beste når den trekkjer dansen ut frå dei sedvanlege danselokala, og viser seg fram i ulike bystrukturar.

"Pina" består av fleire repetetive parti, som visstnok er eit av hennar varemerker. For dei uinvidde vert dette meir langdrygt enn givande. Og enn så mykje eg misunner deira fantastiske rørsler og kroppskontroll, vert dette aldri heilt min type film. På den andre sida, eg har eigentleg aldri sett ein film som dette!

No skulle eg ønskje at "Buena Vista Social Club" var filma i 3D…

Enig med vår anmelder? Si din mening under!

KROPPSKONTROLL: Filmen er på sitt beste når den trekkjer dansen ut frå dei sedvanlege danselokala, og viser seg fram i ulike bystrukturar, ifølgje BTs meldar.