• VESTLANDSK: «Heim» er ikkje strileteater. Det er ei historie om menneske som plagast av mindreverdskjensler, usagde ambisjonar og utferdstrang, men som er svinebundne av eigen mangel på sjølvkjensle eller vågemot, meiner Frode Bjerkestrand. FOTO: Geir Martin Strande

Heimstadkjærleiken dør aldri

«Heim» er vitalt og litt springande teater, frå det nær platte til det poetiske, vittige, melankolske og komplekse, nett som vestlendingen sjølv.