Stille vatn, stor lyd

Flytande debutplate frå Ekkolodd.

STOR LYD: Albumdebutantene Ekkolodd holder til i Bergen, men består av medlemmer frå Fåvang i Gudbrandsdalen, Lillehammer, Ski, Halsnøy og Førde. Foto: Tom Øverlie/P3

  • Maria Horvei
Publisert:

Skulle du vera allergisk mot irriterande sjangernamn, er du med dette åtvara: det er svært vanskeleg å skriva noko om bergensbaserte Ekkolodd utan å koma innom «drømmepop» eller «undervannspop» minst éin gong.

Etter å ha blitt hekta på alt frå Beach House og M83 til heimlege Young Dreams og Dråpe dei siste åra, kjennest fyrstnemnde omgrep etter kvart temmeleg utvatna, men kombinert med sistenemnde er det ein grei måte å oppsummera Ekkolodd sine luftige harmoniar, saktesildrande melodilinjer og symfoniske element på.

Maritime metaforar

På debutalbumet «Det bruser forbi me» dykkar vokalist Kim Morgan Morken og resten av sekstetten ned i eit lydbilete prega ikkje så mykje av allsongsfaktor og melodiske hooks som av vibrerande klang og såre stemningsbilete.

Utan å ha eit ønskje om å dra dei maritime metaforane (som boblar så nær under overflata) lenger enn nødvendig, kan det trygt seiast at resultatet er eit nokså stille vatn av ei plate. Om ho òg har djup grunn, er eit meir ope spørsmål.

På innlandsmål

Fyrstesporet «… og du ga avstanden et navn» er i alle høve eit klårt varsel om kva du har i vente dei neste førti minutta: sløret av gitarlyd, den gradvise oppbygginga av rytmeseksjonen og den mjuke, vemodige vokalen dannar grunnlaget for brorparten av albumets åtte spor. Dei opne og undrande tekstane, framført på roleg innlandsmål, glir inn som sjølvsagde bidrag til heilskapen, heller enn som vegvisar til klår meining.

Om dette triggar dei naturassosiasjonane bandet sjølv har uttalt at dei let seg inspirera av eller ikkje, får vera opp til den einskilde. Tydeleg er uansett ambisjonen om eit mest mogleg levande uttrykk, der kvar låt pustar, veks og baksar – for så å trekkja seg tilbake att.

Levande kjensle

Og det er nettopp denne levande kjensla som er albumets største styrke. Som lyttar får ein inntrykk av ein svært velutvikla kommunikasjon bandmedlemmene i mellom. I fleire av albumets mange instrumentalbrekk er det mest som ein kan høyra hjernebølgjer som tilpassar seg kvarandre, med mål om å nå opp i ei høgare eining – eit trekk som etter alle solemerke trer endå klårare fram i ein livesituasjon. Her står «Perler», låten som tok bandet til finalen i Årets Urørt-konkurranse, fram som det sterkaste dømet.

Hovudutfordringa er på den andre sida at det dynamiske spennet vert for likt frå eitt spor til eit anna. Albumet manglar dei avbrekka frå formelen som gjer at ein verkeleg lyttar , og som kunne vore med på å stilla dei musikalske kvalitetane bandet sitt inne med i skarpare relieff.

Musikalsk finesse

Under nemnde Urørt-finale fekk Ekkolodd respons frå Mats Borch Bugge, musikksjef i NRK P3, på at dei burde leggja inn tydelegare refreng i låtane sine, dersom dei ynskja seg speletid på radio. Det stod fram som ein litt latterleg tilbakemelding som mangla gangsyn for det vellet av strålande musikk som alltid har vore å finna utanfor vers-og-refreng-skjemaet – ein treng ikkje sjå lenger enn til band som Dungen, Radiohead og Jaga Jazzist, som alle er uttalte musikalske førebilete for Ekkolodd.

Det er likevel ikkje til å koma utanom at den meir lineære tilnærminga til popmusikk som Ekkolodd bedriv, stiller store krav til både musikarar og låtmateriale, om ein har eit ønskje om å halda på lyttaren i lengda. Her kjem «Det bruser forbi me» til kort. Det er ei plate som ikkje manglar tilløp til nydeleg musikalsk finesse, men virvelen som kunne drege deg ned i djupet mistar noko av si kraft idet den størknar.

Enig med vår anmelder? Si din mening!