Steintøff samling i Os Rock City

Det blir hamra, dundra og polert i Os i desse dagar. Steinskulptørar frå heile verda er på staden for å jobba og oppleva Vestlandet på sitt beste.

Publisert:

GODKJENT: Eric Malou frå Togo jobbar til dagleg som steinhoggar i Italia. På Os underviser han glade amatørar i kunsten å laga steinskulpturar. Foto: RUNE MEYER BERENTSEN

svp://25260

—  DRRRRRRRRRRRRRRRR!

Motorsager, vinkelsliparar og andre tunge verktøy gjer sitt til eit øyredøvande lydnivå i den gamle Vognhallen på Osøyro. 24 menneske går, står, pussar, sager og hogger i stein. Tunge og røffe marmorblokker blir til dei mest glattpolerte skulpturar du kan tenka deg.

—  Eg pussar steinen med ein annan stein, seier italienske Simona Bocchi og viser fram ein knøtliten, svart stein i handa.

—  Og til dei store utskjeringane bruker eg ... how do you say in english? Den der, held ho fram, og peikar på ein vinkelslipar som ligg slengt på golvet.

Vinen flyt

Bocchi er berre éi av tretten profesjonelle steinkunstnarar som har funne vegen til Os i desse dagar. Symposiet har allereie vore i gong i to veker, og blir avslutta laurdag. Det sosiale er vel så viktig som det faglege.

—  Det går med ein del vin, ja. Det gjer det.

Den lokale skulptøren Arne Mæland er kanskje mest kjend for å stå bak bronseskulpturane av den tiggande mannen utanfor turistinformasjonen i Bergen, samt jenta som står plassert utanfor ei kjend burgerkjede. Men han er òg primus motor bak symposiet i heimbygda.

20 tonn stein frå Italia

— I år har me folk her frå Togo, Syria, Romania, Nederland og Italia. Dei har vore ute og fiska, sett det vakraste av det vakraste, og ete god mat. Det er heilt fantastisk, seier Mæland stolt medan han skodar ut over den noko støvete lufta i hallen.

Mesteparten av steinen som blir brukt, er ekte, italiensk marmor - frakta frå Toscana i Italia til vesle Os i Hordaland. Ikkje meir enn tjue tonn har det gått med.

Italienske Simona Bocchi bur til dagleg i Rajasthan i India, der ho har vore på fleire skulptursymposium. Men ingen er som det i Os.

— Det er tredje gongen eg er her, og eg har vitja Os sjølv når det ikkje er symposium. Faktisk ligg bagasjen min berre hos familien eg bur hos, og når dei kjem og hentar meg på flyplassen, får eg på meg jakka mi, seier ho og smiler.

Fiskeinspirert

Den italienske kunstnaren har levert kunst til kommunen òg - ein fisk som står trygt plassert utanfor det nye kulturhuset Oseana.

—  Eg lot meg inspirera av naturen her, og det måtte bli ein fisk, seier Bocchi før ho pussar vidare på den nye skulpturen.

Alle kunstnarane på symposiet jobbar med same skulpturen dei to vekene samlinga varer. Det inkluderer dei glade amatørane som går på kurs.

—  Eigentleg ville eg delta på eit kurs i betong, seier Nina Harte frå Oslo. Ho jobbar til dagleg som koreograf, og no står ho og pussar med tannbørste på det som skal bli ein fisk.

– Men så sa ei veninne av meg i Bergen at dei har eit slikt skulptursymposium på Os - då ringte eg med ein gong. Det er eit fantastisk føretak, seier Oslo-kvinna. På laurdag er det endeleg slutt for årets samling. Då blir skulpturane selde i Vognhallen, der heile bygda samlar seg - ifølgje arrangørane, iallfall.

Sal ved loddtrekking

—  Folk kjøper lodd, og så trekkjer me etter kvart. Den første som blir trekt får fritt val, medan nummer ti berre har to å velja mellom, seier Arne Mæland.

Og prisen på lodda er ikkje akkurat lommerusk.

— 60.000, kostar det for eit lodd. Men det er billeg. Då kan du enda opp med å få ein skulptur som er verd 250.000, fortel ein ivrig arrangør.

svp://25260
Publisert: