Lagar vignett for kongen av Saudi-Arabia

Bergensfirmaet Myreze er i gang med å produsere vignetten til kong Abdullahs fotballturnering i Saudi-Arabia.

Publisert: Publisert:
svp://85198

— Vi visste ikkje kven det var vi laga vignetten for, vi fekk ingen informasjon bortsett frå at det dreia seg om fotball. Det var først etterpå vi fekk vite at den var til kronprinsen av Saudi-Arabia. Hans eigen fotballcup. No er vi i gang med å lage ein vignett til kongen, seier Bjørn Myreze.

Som gründer i designselskapet Myreze har han dei siste åra etablert seg i Midtausten, etter han for to år sidan selde alt han eigde og flytta til Dubai. Sist helg flytta Myreze inn i nye lokale på Torgallmenningen. Firmaet har spesialisert seg på opningsvignettar og andre identitetsmarkørar, og har i løpet av kort tid fått fleire populære oppdrag. Heime i Noreg har han laga introane til fleire dei største norske TV-suksessane, som Farmen, Robinson, Idol, Premier League og Norske Talenter. Men det var vignetten til årets Sommertid, som for alvor fanga til Fadi Radi, grafikksjef for Middle East Broadcasting Center (MBC).

- Vanvitig tempo

Han spurte Bjørn Myreze om firmaet ville sende inn eit vignettforslag til den store fotballturneringa Crown Prince Cup i Saudi-Arabia. Det var berre ein liten hake: Myreze hadde berre tre veker på å fullføre vignetten.

— Det var nesten eit «mission impossible», seier Radi

— Heilt ærleg er det nesten umogleg å levere eit fullstendig bidrag innan den tida, men Myreze klarte det. Eg vil seie at det både er ekstraordinært og eksepsjonelt. Det var ei stor utfordring, men dei klarte å levere høg kvalitet, skryt grafikksjefen.

Bjørn Myreze meiner produksjonstempoet er den store forskjellen mellom Midtausten og Noreg.

— I Noreg kan ein jobbe med ein idé i opp mot to år. I Midtausten bør same jobb skje på eit par-tre veker. Det er eit vanvitig tempo, seier Myreze.

— Dei er mykje meir direkte. Det er ja eller nei, anten/eller, ingen mellomledd, og det går nærast rett på lufta, utdjupar han.

God butikk

MBC styrer til saman 12 TV-kanalar, inkludert nyheitskanalen Al Arabiya, og når ut til over 150 millionar sjåarar i den arabiskspråklege verda. Kronprinsturneringa, som gjekk på lufta i august, nådde ut til nærare 90 millionar. Den komande Kings Cup, er tidleg på nyåret.

— Fotball er som ein andre religion. Alle har sitt lag, fortel Fadi Radi.

Vignetten (sjå video) er 3D-animert av Jo Christian Figenschou og Remi Vaage. After Perfect har komponert musikken. Bjørn Myreze fortel at oppdraget har blitt ein døropnar for firmaet i Midtausten, og fleire produksjonar med MBC er på trappene. Arbeidet er også lukrativt. For jobben med vignetten til Crown Prince Cup, fekk Myreze 700.000 kroner. Det same beløpet får dei for Kings Cup.

— Det er magisk å få vere med i denne marknadane. Midtausten er glad i skandinaviske land, fordi folk har godt med pengar og det er trygt og fint. Derfor trur dei ikkje at vi dreg dit for å mjølke dei for pengar, dei har tillit til oss og er glad i designen, seier Myreze.

Fadi Radi omtalar gründeren som ein mann med «crazy» idear, som har evna til fort å setje dei ut i live. Framfor alt meiner han at Myreze klarer å tilføre noko nytt på designfronten, som skil seg ut.

— Det er utfordrande å kome opp med innovasjonar på dette feltet, meei klarer å få til ting som ikkje er gjort før, seier Radi.

svp://85198
Publisert: