Arne Hjeltnes går i land

Arne Hjeltnes har gått i land - i Hongkong. Men midt i eit intensivt arbeid for Eksportutvalet for norsk fisk i Asia får han tid til å skriva nye dikt.

OLAV KOBBELTVEIT

Den nye diktsamlinga hans er i tillegg ei slags «best of».

— Det har samanheng med at dei gamle diktbøkene ikkje lenger er å få fatt i, fortel den lyriske vossingen med appell til store folkegrupper. Første samlinga, «Den sumaren eg fylte diesel», selde i 25.000 eksemplar. Den neste gjekk i 6000. I haust er han ute med «Ein sjømann går i land», halvparten nye og halvparten gamle kjenningar.

— Men etter nokre timar på Strømmen Storsenter eit år innser eg at dikta mine har større appell i vest enn her på Austlandet, fortel Hjeltnes. -På Strømmen gjekk det vel eit par bøker i løpet av økta, på Torgallmenningen rann det ut bøker heile tida. Lillestrøm er vel ikkje kjerneområdet for nynorsk lyrikk...

Arne Hjeltnes er meir folkeleg enn litterært pretensiøs når han lagar dikt. Somme gonger prøver han å halda rytmen, i alle fall nesten. Andre gonger går det over stokk og stein. Utgangspunktet er at rare tankar - som Arne Hjeltnes ofte leikar seg med – høver best i diktform.

— Det er i stor grad blitt brukslyrikk. I bryllaup og på fest står folk opp og les dikta mine i staden for å fortelja ein vits. Dei seier at det funkar.

Det trur vi så gjerne. For Arne Hjeltnes har ein del odde tankar som han prøver ut med enderim, og den leikande forma tiltalar mange. Og sjølvironien. Arne Hjeltnes var liten av vekst i barndommen og litt seinare, og dette førte til mange middels traume i puberteten. Damene såg seg om etter større karar. No skildrar Arne Hjeltnes denne tida med eit nostalgisk tilbakeblikk - og ikkje så lite koketteri. I dag er perspektivet større, som i diktet Du er min bror.

_Me er ikkje like.

Gud skapte oss slik.

Ein er muslim,

ein annan er sikh,

og eg - eg kjem frå Kinsarvik._

HJELTNES-DIKT Arne Hjeltnes er ute med si tredje diktsamling. Scanpix