Når jazzen er målet

Pirk på detaljnivå er naudsynt når ein siktar høgt. Denne helga rettar unge bergensjazzarar blikket mot stjernene.

TERPING: - Berre ein så enkel ting som at du utvidar akkorden akkurat der, kan hjelpa. Bergmund Skaslien instruerer unge, håpefulle jazzarar i gruppa Morning has Occured før årets Jazzen i sikte-festival på USF Verftet. Frå venstre Sebastian Kittelsen, Natalie Sandtorv, Mats Mæland og Marte Maaland Eberson. Universitetslektor og gitarist Thomas Dahl følgjer med på feedbacken.

Publisert:

— Skal me ta den nynorske?

Vokalist Natalie Sandtorv (23) står trygt plassert bak mikrofonen i øvingslokalet til Griegakademiet ein torsdag formiddag i april. Stødige slag på ein cymbal kjem frå trommis Mats Mæland (24), medan Sebastian Kittelsen (22) speler lyrisk i lyst leie på kontrabassen.

Bandet Morning has Occured er ein av sju deltakarar til konkurransen og minifestivalen Jazzen i sikte, som går av stabelen på USF Verftet i kveld.

Initiativtakar til festivalen er bratsjist Bergmund Skaslien, som kom på ideen til konkurransen då han var sivilarbeidar i Bergen Jazzforum for elleve år sidan. Målet var å stimulera det lokale jazzmiljøet i byen, og å rekruttera nye – både som utøvarar og som publikum.

Sidan har alle frå rockedama Ida Maria (Sivertsen) til jazzutøvarar som Marius Neset og Christina Bjordal delteke i konkurransen.

- God erfaring

Denne torsdagen får bandet rettleiing og gode råd av Skaslien og kollega Thomas Dahl, som underviser i gitar og ensemblespel på jazzlinja ved Griegakademiet.

— Overgangen til soloen – der må ein av dykk ta ansvar for framdrifta. Det treng ikkje vera så himla mykje, ein må berre få ei kjensle av kor underdelingane er, seier Dahl til musikarane før det florerer med musikkfaglege uttrykk om voicingar og ulike intervall:

— Ein b9 har mykje opnare overtonar enn ein liten sekund, som Dahl seier.

Dei unge utøvarane er ikkje i tvil om at å delta i tevlinga gir dei god erfaring.

— Frå mange festivalar får ein ikkje svar, så ein må berre kasta seg med på det ein kan, seier pianist Marte Maaland Eberson (24), som allereie har vunne tevlinga då ho deltok med Lugom Trio for tre år sidan.

— Jazzen i sikte er eit fint medium for dei banda som sårt treng ei scene. Mange av banda har ikkje den erfaringa. Fokuset du får når du står framfor andre folk er utruleg vanskeleg å ta med seg inn på øvingsrommet, seier Thomas Dahl.

- Herleg med inputs

Tilbakemeldingane i tevlinga skal det vera jazzfagleg grunnlag for. Feedbacken frå medmusikantane er vel så viktige som frå fagjuryen, meiner arrangørane.

— Det er ein utruleg fin stad å spela på. Å få spelt for andre, å få spelt for mange, og få vist fram musikken sin. Det er det viktigaste, trur eg, seier vokalist Sandtorv, noko bandkollegaene stiller seg bak.

— I tillegg er det fint å få tilbakemeldingar frå lærarar. Når ein speler i band, kan ein ofte tenka at ein driv med sitt, og ingen kan ha noko å seia på det – at me gjer det me vil uansett. Men det er ganske herleg å få inputs, synest eg, seier pianist Eberson.

Konkurranse er problematisk

Sjølv om det ikkje er snakk om nokon jazzvariant av "Idol", er ikkje konkurranseaspektet i Jazzen i sikte heilt uproblematisk for alle deltakarane.

— Eg har iallfall litt problem med den biten, seier bassist Kittelsen.

— Eg prøver å fokusera på det andre – ikkje på konkurransebiten.

— Trur du ikkje veldig mange andre deltakarar tenker det same?

— Det håper eg.

Jazzstudentane kan uansett sikta mot stjernene – slik den 11 år gamle trommisen Peder Losnegård gjorde då han deltok i juniorutgåva av tevlinga i 2004.

I BT den gongen var overskrifta "Hjelp, jeg kan bli jazzstjerne!".

Sju år seinare blei Losnegård rapstjerne i staden for – i dag kallar tysværingen seg LidoLido.