Gal mulla vil bli litteraturhussjef

Har starta folkeaksjon på nettet. Førebels lar responsen venta på seg.

MULLA: Karakteren Mad Mullah har fått sin eigen folkeaksjon for at han skal bli leiar for Litteraturhuset i Bergen. Bak namnet finn me folklorist Kristian Bjørkelo.

Søkjer du på nettet etter Litteraturhuset i Bergen sin konto på den sosiale nettstaden Twitter, får du eitt treff. Men profilen høyrer ikkje til stiftinga – tvert imot, høyrer han til folkeaksjonen for å få karakteren Mad Mullah til å bli leiar for Litteraturhuset.

Som alle andre toppleiarar, har mullaen sjølvsagt ikkje søkt stillinga der den eigentlege kandidaten i dag vart offentliggjort.

Folklorist står bak

Les også

Hun blir sjef for Litteraturhuset

Bak mullanamnet, finn ein Kristian A. Bjørkelo, folklorist og førstekonsulent ved Universitet i Bergen. Han forklarer at alter egoet hans er utstyrt med eit temmeleg stort ego. For ordens skuld lar me han understreka at kampanjen er eit privat initiativ, og me lar mullaen snakka sjølv:— Eg synest dette er morosamt. Eg lo, eg.

- Kjenner du dei som står bak?

— Å, ja! Dei kjenner eg veldig godt.

- Er det deg sjølv?

— Ja, mellom anna. Det var ein fiks idé ein fredag ettermiddag.

Førebels er ikkje responsen enorm for mullaen. Berre 23 personar følgjer kampanjen i skrivande stund.

— Men ei av dei er forfattar! (fantasyforfattar Kristine Tofte, red. mrk.) Eg er glad for å ha henne med på laget, seier mullaen.

Protest mot lang tid

Som dagleg leiar for Litteraturhuset, vil fanesaka til mullaen vera gode vaflar. Gode vaflar, til ein rimeleg pris – under ti kroner for ein vaffel.

Men folkeaksjonen er ikkje berre på spøk. Han er òg oppretta for å få fortgang i prosessen i å tilsetja ein ny dagleg leiar. Til å snakka om det, kan me overlata ordet til folklorist Kristian Bjørkelo. Som altså er Mad Mullah, i tilfelle du hadde gløymt dét.

— Eg synest jo det er fabelaktig at me får eit litteraturhus i byen. Eg trur det er viktig at me fokuserer på å ha eit nasjonalt perspektiv, slik Litteraturhuset i Oslo har gjort. Posisjonen dei har fått, må Litteraturhuset i Bergen prøva å få, seier Bjørkelo.

Sjølve Litteraturhuset i Bergen er enno ikkje å finna på Twitter. Bjørkelo lover at stiftinga skal få overta kontoen hans gratis – om han nokon gong høyrer frå dei.