Høgnorsk høgtid i Borkne

Ingen «provokatørar» kom, og Vestlandske Mållag sitt første årsmøte utanfor Bergen vart berre idyll. Dei 19 som fann vegen, kunne pusta letta ut.

  • Ådne Lunde
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 19 år gammel

— Velkomne til Borkne, som me seier, eller Bortnen som er det ofisielle namnet, seier formann Lars Bjarne Marøy. Han står bak kateteret i skulehuset og helsar dei høgnorsske stormtroppar. I-målets siste skanse. Det vesle grønmalte klasserommet er fylt til siste pult med 19, for det meste svært unge, målmenn. (Og to kvinner).

Dei kan etter kvart roa seg på dei gamaldagse skulebenkane. Det er ikkje til å leggja skjul på at stemninga har vore noko nervøs. Etter at flokken vart fillerista under årsmøtet i Vestmannalaget i vår, kjenner dei seg ikkje heilt trygge. Ikkje ein gong her, i ei grend med 11 fastbuande mellom høge fjell.

Stygge rykte

Det har gått stygge rykte om mobilisering. Ein spion på kaia i Bergen då «Kommandøren» la frå land, har rapportert om berre venlegsinna og nøytrale passasjerar.

— Vi fryktar likevel at her kan koma ein minibuss med provokatørar for å øydeleggja møtet, seier ein av møtedeltakarane.

Dei skvett litt til kvar gong det går i ei dør, eller brummar i ein ukjend bil. Men etter kvart byrjar dei å tru at Borkne-taktikken har ført fram.

Ein gamal målmann, Toralv Bergwitz (80), er likevel komen. Saman med kona Astrid (79) har han funne vegen frå Arendal til Borkne for å stø ungdomen. No reiser han seg og helsar møtelyden med å lesa «Pionerane», utan manus.

Samrøystes lukkerus

Så går møtet sin gang, i samrøystes lukkerus. Der Vestlandske Mållag til vanleg kranglar i minst ein time før inkallinga vert godkjend, går det no unnna i ein fei.

Det regnar ute, men ei solstripe står likevel inn gjennom skulehusglaset. Medan fulmaktene vert godkjende syng dei «Gud signe Noregs land» og «Dei vil alltid klaga og kyta». Det haltar litt, men det går. Det gamle skulehuset har nok høyrt det verre, og gløymer ei stund at det treng både eitt og to strøk måling.

Årsmelding, rekneskap og arbeidsplan, samrøystes som ein draum.

Nytt, ungt, styre: formann Lars Bjarne Marøy, Bjørn Tormod Ringdal, Arne Holmin, Olav Torheim, Inga Gjerstad, Helge Liland og Leif Rune Rong, samrøstes som berre det.

Kva med hærmålet?

Ei høgnorsk ordliste og ordbok vert diskutert, høgnorske mobiltelefonar, nynorske blankettar på posten og NSB sitt målfusk. Og Flåmsbana, der nyttar dei nynorsk, men burde det ikkje vore i-mål i indre Sogn? Og så er det hærmålet, nokon må ta ansvaret for å leggja til rette for nynorsk kommando i det militære. Dessutan må vi få att den nynorske vernepliktsboka. Semja rår, og her er nok å gripa fat i. Fleire talarar ser lyst på det no når vi har fått ei regjering som fjernar den forhatte samnorskparagrafen.

Debatt om spott

Det einaste som skaper ein smule diskuý, orsak, ordskifte, er at det vert skrive «møteljoden» i ei fråsegn til pressa. Nokon meiner det må vera feil. Det vert litt rådvill uro. Pultane skrapar mot golvet. Vincent Færavaag står på at han alltid har skrive det slik.

— Ljod er låt og lyd er forsamling, seier Bergwitz, og så blir det slik.

Men den same fråsegna skaper meir diskuý, orsak, ordskifte. Inga Gjerstad tek ordet og reagerer på formuleringa «sentrale folk i laget var sårt sakna under årsmøtet».

— Kan ikkje dette med sårt sakna virka spottande, undrast ho.

— Ironisk kanskje, men ikkje spottande, slår Færavaag fast, og får møtet med på formuleringa. Men etter ei stund stig han opp til kateteret att.

- Eg har ein faen i meg

— Eg har ein faen i meg, veit de. Me kan ikkje lata som om det ikkje har skjedd noko, og me har hatt spenninga: Kjem det ein buss, eller kjem det ikkje ein buss? Lat oss likevel ta ut sårt, slik at det står «var sakna», så kan det ikkje oppfattast som spottande, sa Færavaag.

Møtet kasta samrøystes ut sårt, Toralv Bergwitz reiste seg og las Olav Aukrust med innleving.

— No er møtet hevja, sa Lars Bjarne Marøy, og sukka letta.

— Ja, dette var vel eit vellukka kupp?

— Ja, vel, vel, kupp, nei. Om det er eit kupp å ha eit møte der me driv med det organisasjonen eigentleg skal driva med, nemleg målsak, i så fall var det vellukka, seier Marøy.

Og lever dei unge frå Borkne like lenge som fleire av dei som ikkje kom seg til Borkne, så tarv ikkje høgnorsken reddast, han skal liva i hundrad år til.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les videre

  1. Målmøte på ukjend stad - eller?
    V. Nonås, ein debattant som ikkje er «medlem i mållaga», hadde den 14.

    Les hele artikkelen

BT anbefaler

Fana-mann ble frastjålet sykkelen. Dette fant politiet hjemme hos tyven.

– Vi ønsker å finne de rette eierne.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Smittetallene øker etter denne kvelden: – Det var svett og klamt

  2. Det måtte en bergenser til for at Antonio skulle forlate Italia. 30 år senere er han et varemerke i Bergen.

  3. Fem myter om antibiotika. En av dem kvier legen seg for å avsløre.

  4. Hvor mye plass trenger vi egentlig? Her på Laksevåg står stjerne­arkitektens svar.

  5. 25 nye smittede i Bergen

  6. Bryggen og Torget er bilfritt denne sommaren. Så kva er det som står og stampar i kø bak bussrute 4 til Hesjaholtet då?