• TRENG OPPUSSING: Det veks mugg på gjenstandar som ligg lagra på Bryggens museum. På kontora i same bygg lek det vatn inn vindauga. No har museet søkt om 16 millionar kroner til oppussing. FOTO: Bymuseet i Bergen/ Marita Aarekol

Kulturskattar myglar og veggar smuldrar vekk. Musea i Bergen treng fleire hundre millionar i åra framover.

Bryggens museum held bokstaveleg talt på å smuldre vekk. Det er berre eitt av fleire museum i Bergen som treng oppussing.