Stor ståhei for ganske lite

Miley Cyrus vil utfordra, men sjokkerer ikkje musikalsk.

Publisert Publisert

SCENESJOKK: Miley Cyrus blei populær på nettavisene og i tabloidavisene etter hennar seksualiserte sceneshow på MTVs Video Music Awards i august i år. Den tidlegare barnestjerna har dei siste åra blitt langt røffare i stilen.

3 av 6 hjerter
  • Maria Horvei
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Miley Cyrus er ein av dei artistane som, i løpet av slåande kort tid, har gått frå å vera eit godt kjend eksemplar av «tidlegare barnestjerne som har slått ut håret og vel så det», til å nærma seg eit fenomen du nærast vert tvinga til å ta stilling til.

Årsaka til denne valdsame intensiveringa av merksemd er sjølvsagt fleirdelt: Jenta har openbart eit PR-apparat som har arbeida på høggir i forkant av hennar fjerde studioalbum i ryggen. Dei to fyrste singlane frå «Bangerz» – partyhymna «We Can’t Stop» og kraftballada «Wrecking Ball» – har både tangert og overgått Cyrus’ tidlegare karrierebeste «Party In The USA» i popularitet. Og så kjem ein ikkje utanom sjokkeffekten: Tekstar overstrødd med dopreferansar, ein over alle kosteskaft seksualisert opptreden på MTVs Video Music Awards i august i år, og absurditeten i å posera naken på toppen av ei blykule i videoen til nemnde «Wrecking Ball».

Summen av det heile er føreseieleg nok: Publikum himlar med augo over den tilsynelatande mangelen på moralsk kompass og anstendigheit hjå unge Cyrus. Men dei sluttar ikkje å stira. Kall det ei trafikkulykke ein ikkje greier å fjerna blikket frå, eller ein marknadsføringsstrategi som er like delar kynisk som vellukka.

Personleg som ei Pepsi

Saken er uansett den at no er albumet her – det som teoretisk sett skal visa oss kjerna av artisten Miley Cyrus anno 2013. Eg trur likevel ikkje eg sjokkerer nokon når eg seier at «Bangerz» er omtrent like personleg som ei flaske Pepsi.

Det fins låtar her som speler på Cyrus’ røter i countrymusikken – «4x4» står fram som det mest openbare dømet – men «Bangerz» er fyrst og fremst eit skuleeksempel på den kvite popmusikkens appropriering av hiphop og r&b. Gjestelista for albumet inkluderer namn som Nelly, Future og French Montana, seige beats blandar seg ubekymra med synthetiske house-element og Cyrus sjølv ikkje tek to øre for å leggja til seg ein gateslang ho neppe har med seg frå oppveksten i Nashville. At denne påtakelege vendinga mot «svart» kultur går hand i hand med det som openbart er ei medviten strategi for å skaffa seg eit «farlegare» image, er i seg sjølv nok til å gje ein ein litt emmen smak i munnen. Ein annan sak er at det musikalske resultatet berre unntaksvis er særleg interessant.

Tynt materiale

Eitt av desse unntaka er fyrstesingelen «We Can’t Stop», ein låt som opphavleg var tiltenkt Rihanna. Ein openbaring av ei poplåt er det kanskje ikkje, men spenninga mellom det slepande tempoet og den dirrande energien i teksten er høgst effektiv. Pharrell Williams-produserte «#Getitright» er ein lett gledesspreiar i same and som Robin Thickes sommarhit «Blurred Lines».

Desse tillaupa skjuler likevel ikkje at Miley Cyrus arbeidar med temmeleg tynt materiale på store delar av «Bangerz», sjølv om ho er ei habil vokalist. Rappinga ho lirer av seg på «Do My Thang» og Britney Spears-samarbeidet «SMS» framkallar minner om popuhyret Kesha på ein måte eg håpte eg skulle unngå å oppleva igjen. «My Darlin’» er eit horribel misbruk av både Ben E. Kings «Stand By Me» og Future, rapparen bak fjorårets beste hiphop-album.

Når alt dette er sagt: Summen av «Bangerz» er antakeleg den at du verken bryr deg meir eller mindre om Miley Cyrus etter å ha høyrt albumet. Det er alltids lov å håpa på ein sterkare konsentrasjon av smarte hooks og medrivande popaugeblikk på eit slikt album (i alle fall når det har ein tittel som dette), men erfaring viser at ein stort sett må nøya seg med ein liten handfull. Oh well.

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. Haukeland planlegg for ny koronabølgje i sommar

  2. – Frå tid til anna prøver dei å få meg tilbake. Eg svarer det same kvar gong.

  3. Tre av fire toppsjefer sykmeldt på grunn av «uforsvarlig arbeidsmiljø»

  4. Politiaksjon ved hotell i sentrum

  5. Her herjer ungdommene på bussen. - Vi har ikke noe å stille opp med

  6. – Då eg sat der, med eit alvorleg sjukt foster i magen, slo morsinstinktet inn

  1. Musikk