Død og sirkus
I «Muldvarpen» ligg paranoiaen like tjukt som tåka over London.
- Andreas Hadsel Opsvik

Det er ikkje eit ordentleg filmår utan at produksjonsselskapet Working Title leverer ein film som er spesialtilpassa smaken til Oscar— og BAFTA-juryen. I all hovudsak er dette ein eller anna form for periodefilm, med knallsterke skodespelarar og ein regissør midt i karrierestormen – eventuelt ein film av Coen-brørne (nokon gongar er det lov til å safe). Årets representant er «Muldvarpen», ein thriller sett i den kalde krigen sin heftigaste rimfrost, som hittil har teke inn tre Oscar-nominasjonar.
Då ein agent vert drepen under eit mislukka oppdrag i Aust-Europa, får britisk etterretning ei skandale i hendene. Syndebukken vert blant anna mangeårig toppmann George Smiley (Gary Oldman), som vert sparka frå jobben sin. Men då det vert spekulert i om oppdraget mislukkast på grunn av ein infiltratør i The Circus – etterretningas toppsjikt – tek myndigheitene kontakt med Smiley igjen. For kven er vel betre skikka til å undersøkje MI6 enn ein erfaren agent som står utanfor organisasjonen?
«Muldvarpen», som er basert på John le Carré si bok med same namn, er eit klassisk spiondrama, fylt til randa med viktige, smått gråhåra menn, som tek alle dei store avgjerslene i verda – slik det trass alt var på byrjinga av 70-talet. Noko anna denne filmen er fylt til randa med er plott-tvistar, som dei gjorde det på det same 70-talet.
Likeframt, dette er ikkje ein thriller på same måte som til dømes «Jason Bourne». Med unntak av nokre scener er tempoet i denne filmen mykje rolegare. Dei fleste kjemper med ord, ikkje pistolar. Det er like vel ikkje ein film ein bør lene seg heilt tilbake i setet under. Ny informasjon vert kasta mot deg og det tek litt tankekraft for å skjøne kven ein kan stole på for augneblinken – fram til neste plott-tvist dukkar opp.
Gallionsfiguren i «Muldvarpen» er Gary Oldman, som oppigjennom tiåra har spelt alt frå gale mordarar med artig hårsveis til… påståtte gale mordarar med artig hårsveis. Denne gongen er han meir på nivå med rolla si i «The Dark Knight», den lågmælte myndigheitsmannen som berre handlar når han må, men som til gjengjeld handlar heilt riktig. Han er eminent i rolla og bér filmen på ein ypparleg måte.
Elles er filmen fylt med nydeleg underspilte roller frå blant anna Tom Hardy, Colin Firth og nyoppsprungne Benedict Cumberbatch. Der norsk skodespelarstand er såpass tynn at ein skjønar kven skurken er ut frå rollelista, er britisk film velsigna med eit koppel som ingen kan måle seg med. Filmens rollegalleri skin!
Dette er det første langfilmprosjektet til regissør Alfredson sidan vampyrfilmen «La den rette komme inn». Med seg har han teke den same mørke tonen og kameraføringa me såg i vampyrfilmen frå 2008. Eg vil ikkje plassere «Muldvarpen» like høgt som denne, men den er på god veg.
I år klarte ikkje Working Title å strekkje seg til nominering for Beste Film, men Gary Oldman har endeleg fått si fortente merksemd. Oldman er nominert til sin første Oscar for «Muldvarpen», og når februar kjem, er eg ein av dei som kjem til å heie høgast på han.