Strake vegen

På femte gir i favelaen

RASK OG RASANDE: "Fast and Furious Five" er fullstappa av akkurat det du ventar: raske bilar, vakre damer og besluttsomme menn. Og stunts. FILMWEB

  • Andreas Hadsel Opsvik

I den femte installasjonen av «Fast & Furious»-franchisen er det asfalten i Rio de Janeiro som er hovudstad for handlinga.

Eks-politimann Brian O'Conner og kjærasten Mia har brote Dom Toretto ut frå amerikansk fengsel, og dei har saman søkt tilflukt i vakre Sør-Amerika. Men som hardt etterlyste kriminelle er dei leie av å flykte, og bestemmer seg for å gjere ein siste jobb for å kunne søke tilflukt i nær kva som helst land som ikkje har utleveringsavtale til USA.

Jobben – å rane kontantbehaldninga til ein lokal narkotikabaron – krev at dei samlar det beste dei kan finne av mannskap, mannskap du vil kjenne igjen frå dei fire førre filmane. Som eit ekstra hinder har FBI sendt sin beste mann for å bure dei inne og sende dei heim – muskelbuntagenten Luke Hobbes.

Det er no ti år sidan Brian byrja som bilgal undercoverpoliti i Los Angeles, for å forsøke å fange Dom i filmen «The Fast and The Furious». Sidan den gongen har fire filmar operert i dette universet; ulike stader på planeten, men framleis med eitt fokuspunkt: Biler.

I så måte skuffar ikkje «Fast and Furious Five» det minste. Filmen er framleis fullstappa av akkurat det du ventar: raske bilar, vakre damer og besluttsomme menn, som bevegar seg så raskt som gummihjul kan bere dei. Interessant dialog og eit godt plott er det derimot vanskelegare å finne.

For nei, med mindre ein tenkjer på mengd øydelagde bilar, så er ikkje denne filmen banebrytande på nokon som helst måte. På den andre sida, treng den å vere det?

Vin Diesel og Paul Walker tek opp att rollene sine frå dei førre filmane, og dynamikken mellom dei fungerer framleis. Nokre av dei beste dialogane frå «Fast and Furious Five» kjem i dei få rolege partia når dei snakkar saman over eit par øl.

Som sterkt motstykke til dette har me Dwayne Johnson – tidlegare kalla The Rock – som kanaliserer sin pensjonerte wrestlingpersona i rollefiguren Luke Hobbes, kanskje den mest karikerte tough-guyen i verdshistoria. I seg sjølv er ikkje rolla feil, han kunne fint ha passa inn i eit slikt univers, men han stikk seg negativt ut, sidan han verkar å vere på eit anna plan enn resten av filmens figurar.

Seriens stunts har alltid vore eit av «Fast and Furious»-universets viktigaste trekkplaster. I denne filmen tek dei det lenger enn nokon gong med bilstunts som får det meste av sci-fi-film til å sjå hylande realistisk ut. Eg kunne nærast høyre fysikkens lovar knekke som saltstenger då to sportsbilar trakk ein mange tonn tyngre stålkasse på kryss og tvers gjennom Rios urbane strok.

For meg er gjensynsglede ein viktig del av å sjå film. Difor skuffar «Fast and Furious Five» meg, når eg i ettertid knapt kjem på noko anna frå filmen enn introduksjonsscena til Luke Hobbes. Likevel er dette heller ikkje den dårlegaste av «Fast and Furious»-filmane, den står framleis høgare for meg enn den tredje i rekka – som òg var Justin Lins første for franchisen.

Akkurat no kan eg kome på opptil fleire filmar på kino som eg tykkjer du heller burde sjå, men sanninga er nok at dei fleste heller kjem til å sjå denne. Det er absolutt ikkje noko gale i det, men ikkje forvent noko meir enn akkurat det pakka tilseier: Overflatisk actionfilm med fokus på stunts.

Dersom du føler at dette er akkurat din type film, sjå fram til meir. Regissør Justin Lin legg nemleg opp til minst to filmar til i denne serien – og dersom du ventar til etter rulleteksten får du eit frampeik på kva den neste filmen har å by på. Willkommen auf der Autobahn!