Vestlandsrevyen-fans er glade for at NRK snur

Distriktsopprøret fekk NRK til å utvida dei lokale nyheitssendingane frå fem til ti minutt. Nyheitsjunkiane Gerd Ledel Sivertzen (68) og Terje Lie (67) er godt nøgde, men ønskjer seg endå meir.

Publisert:

NYHEITER PÅ TV: Sambuarparet Gerd Ledel Sivertzen (68) og Terje Lie (67) er glade i lokale nyheiter på fjernsynet. – Med video vert nyheitene dekka på ein annan måte, seier Lie. Foto: Eirik Brekke

I ei bergensstove sit sambuarane Sivertzen og Lie klare for eit av dagens høgdepunkt: Vestlandsrevyen.

Motivet minner om dei to bestekompisane i TV-serien Friends, som benkar seg framføre fjernsynet i sine to favorittstolar.

No er det ikkje Joey og Chandler som fokuserer blikket, men Gerd og Terje. NRK si lokale distriktssending er noko av det viktigaste dei får med seg.

– Det er nyhende for vårt område: Vestlandet. Det er livet rundt oss, seier Sivertzen, og aukar lydnivået etter ei lita oppmoding frå flanken.

NRK snur og oppjusterer

Denne kvelden får dei to bergensarane berre fem minutt med lokale nyhende. Altfor lite, knapt noko i det heile, meiner dei to.

Før nyttår fekk dei 15 minutt. Så kutta NRK i sendeskjemaet. Det fekk både tilsette distriktskontora og publikum til å rase.

– Det må vere nok å rapportere om frå Vestlandet. Det skjer mykje innan kultur, sport og næringsliv, seier Lie.

Opprøret fekk NRK til å snu. Frå og med måndag blir distriktssendingane før Dagsrevyen klokka 19 oppjustert frå fem til ti minutt.

I tillegg skal dei halde på dei fem minutt lange sendingane før Dagsrevyen klokka 21 og Kveldsnytt klokka 23.

KRITIKK: Distriktsredaktør Grethe Gynnild-Johnsen har fått hard kritikk etter omlegging av distriktssendingane i NRK. No blir kuttet omgjort. Foto: Erlend Aas/NTB Scanpix

Lisensbetalarar med krav

Paret på Nesttun i Bergen er bokstavleg tala ein del av motstanden som oppstod etter at dei lokale nyheitssendingane blei kutta.

– Då blei vi sure, seier Sivertzen.

Ho signerte opprop på Facebook. Så gav ho klår beskjed om kva ho meinte på NRK Hordaland sine nettsider.

– Ein må det. Vi kan ikkje betale lisens og berre sitje og sjå på. Vi betaler for vara. Då må vi få lov til å vere med å bestemme, seier Sivertzen.

NRK innrømmer at dei gjekk på ein smell med den nye sendeplanen. Onsdag presenterte dei heilomvendinga i ei pressemelding.

– Vi har undervurdert den sterke relasjonen publikummet vårt har til sendingane, seier distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen.

Les også

BT-kommentator Frode Bjerkestrand: Kringkastingen kolliderer med framtida

Møtte motstand i Hordaland

I Bergen sit Dyveke Buanes, distriktsredaktør i NRK Hordaland. Ho fortel om mange og sterke reaksjonar då distriktssendinga før Dagsrevyen vart korta ned.

– Vi har høyrt på dei sterke reaksjonane som har kome. Det har vore overveldande og rørande å sjå kor viktig Vestlandsrevyen har vore for folk.

I Sogn og Fjordane vart det sjåarstorm då distriktsredaktør Terje Gilleshammer deltok i eit innringingsprogram.

I døgnet før sendinga fekk NRK Sogn og Fjordane 531 kommentarar på Facebook, rundt 150 direktemeldingar og om lag 100 e-postar, ifølgje Gilleshammer.

Også i Hordaland har det strøymt inn protestar via e-post og Facebook. Dei har oppdaga kor viktig kvardagsritualet Vestlandsrevyen har vore.

– Nokon sa at no var det ikkje lenger vits i å bryggje seg kaffi og setje seg framfor fjernsynet etter kutta, seier Buanes.

UTVIDAR: Frå måndag 29. januar blir Vestlandsrevyens hovudsending utvida til ti minutt, fortel distriktsredaktør Dyveke Buanes. Foto: Eirik Brekke (arkiv)

Ber om tolmod til satsingar

Samstundes er utfordringa den same: Yngre sjåarar droppar distriktsnyheitene. Berre 50.000 personar under 50 år såg sendingane på landsbasis i fjor.

– Strategien står framleis fast: Vi er nøydde til å styrkje oss digitalt. Nokon skreiv i samband med omlegginga at Vestlandsrevyens rolle har vore å referere, men det er det ikkje. Vi skal lage grundig journalistikk, seier Buanes.

Kortare sendetid skulle frigjere ressursar til å lage meir viktig journalistikk og treffe publikum i digitale medium, forklarar ho.

– Det fungerte, seier distriktsredaktøren.

– No ber vi om litt tolmod. Det tar gjerne litt tid å lage god journalistikk. Vi har trua på at dette vil fungere godt. Vi har alt hatt mange gravesaker før jul og tenkjer å fortsette med, og også styrke den satsinga.

Les også

BT meiner: NRK bør flytte meir ressursar til distriktskontora, ikkje til Oslo.

Drevland framleis bekymra

Tidlegare ordførar i Bergen, Trude Drevland (H), har vore blant dei sterkaste kritikarane av omlegginga.

Som nyvald medlem av Kringkastingsrådet, har Drevland varsla at ho ville ta opp kåra til distriktsnyheitene der. Det vil ho framleis.

– Eg har jo ikkje hatt problem med å forstå at folks vanar har endra seg eller den faglege argumentasjonen NRK har brukt. Men dette viser at NRK har byrja i feil ende, seier Drevland, og legg til:

– Det viser også det BT har skrive: Når ein ikkje bryr seg med å ta eigne lokalkontor med på råd, gir det ei ubehageleg kjensle av at lokalsystemet til NRK underkjennast, sjølv om det skal vere NRK sin styrke. Det er sjølvsagt greitt å få tilbake meir tid til nyheitssendinga, men dette er eit breiare spørsmål. Det handlar om korleis NRK har tenkt å bruke lokalapparatet, seier Drevland.

IKKJE NØGD: – I dårlege medietider, der andre må hente pengar nye stader, korleis aktar NRK å bruke sine seks milliardar? Så eg er ikkje ferdig med å stilla spørsmål, men denne gongen gjorde dei det rette – arrogansen har vore for stor, seier Trude Drevland. Foto: Bjørn Erik Larsen (arkiv)

Fullt fokus på nyheiter

Nyheiter, ikkje minst lokale, dannar mykje av fundamentet i kvardagen til sambuarparet på Nesttun.

Halve året er dei på Kreta. Der er det topp, men dei saknar papiravisa. Og distriktsnyheitene dei faktisk får sett, er NRK Østlandssendingen.

Begge merkar korleis preferansane deira vert utfordra av det digitaliserte nyheitsbiletet. Helst papir framføre nettbrett, og helst meir av lokale nyheiter.

– Er de nyheitsjunkies?

– Ja! Vi er nyheitsjunkies. Vi liker å følgje med på det som skjer i samfunnet, seier Sivertzen.

– Det har me alltid gjort. Det er ein tradisjon me har med oss frå heimen. Vi er vane til å følgje med, påpeikar Lie.

MEIR: Terje Lie og Gerd Ledel Sivertzen vil gjerne at NRK oppjusterer lokalsendingane til 15 minutt att. Foto: Eirik Brekke

Publisert: