Dødskamp om mållag

Er det liv i Ivar Aasen-sambandet, eller er det nedlagt og daudt? Dette er siste og heitaste stridstema i høgnorskrørsla.

  • Ådne Lunde
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 17 år gammel

Mållaget Ivar Aasen-sambandet vart skipa i 1965 som eit landsdekkjande mållag for dei som «ville verja og dyrka det norske målet på heimleg og norrøn grunn i samhøve med verket åt Ivar Aasen.»

No er laget trekt inn i den årelange striden som har rasa i denne delen av målrørsla. Sist partane tørna saman med full tyngd var i kampen om Vestlandske mållag. Då la ein av fløyane i striden eit kuppliknande årsmøte til Borkne i Nordfjord, medan medlem frå den andre fløyen klaga høgt over at dei korkje fann staden i kart eller rutetabellar.

«Lamma av strid»

No har ei gruppering, som hevdar å stø seg på eit fleirtal i styret, halde årsmøte i Ivar Aasen-sambandet i Bergen 17. april. Dette er same gjengen som stod bak Borkne-møtet. Dei skriv i ei pressemelding at Ivar Aasen-sambandet er lamma av indre strid, og at det på årsmøtet vart vedteke å leggja ned laget.

I vedtaket heiter det mellom anna: «Ingen på dette årsmøtet vilde taka på seg å sitja i styret. Årsmøtet vedtok difor å uppløysa laget».

Tidlegare varaformann i Ivar Aasen-sambandet, og sentral aktør bak Borkne-møtet, Olav Torheim, reagerer sterkt på at det er kalla inn til eit nytt årsmøte i laget han meiner er nedlagt og oppløyst. Dette møtet er planlagt laurdag.

«Ulovleg møte»

Torheim skriv i ei pressemelding: «Eit mindretal i styret hadde på fyrehand nekta å godtaka at styret skulde kalla inn til årsmøte. Ingen av dei som styd mindretalet møtte som utsendingar på årsmøtet i laget. Dei meiner derimot at dei skal halda årsmøte i laget 24. april. Det er soleis eit uoppløyst lag mindretalet no vil halda årsmøte i.»

Torheim går knallhardt ut mot det han hevdar er eit mindretal som skipar eit «ulovleg» årsmøte.

«Siste krampetrekning»

— Eg ser dette som siste krampetrekning i striden. No har vi fått Vestlandske mållag i gjenge. Vi reknar med å driva Ivar Aasen-sambandet vidare etter møtet laurdag, seier Jon Askeland. Askeland er leiar i Vestmannalaget, og meiner at støtta frå dei store medlemslaga gir ryggdekning for det nye årsmøtet.

— Ivar Aasen-sambandet er ein paraplyorganisasjon med både enkeltmedlemer og lag. På møtet den 17. stilte 12 enkeltmedlemer, seier Askeland. Han meiner dette sette laga ut av spel, og varslar endringar i lovene i det gjenoppliva Ivar Aasen-sambandet.

— Kvifor trur du laget vart lagt ned?

— Den langvarige konflikten har skapt uvenskap, og eg trur dei la ned laget av vrangvilje. Men like viktig er det nok at styrefleirtalet har brukt av laget sine midlar til å betala sakførar for Lars Bjarne Marøy i striden med Vestlandske mållag. Ved å leggja ned laget vil dei unngå kritikk av desse disposisjonane, seier Askeland.

Han reagerer elles på at dei som la ned Ivar Aasen-sambandet gjorde det som eit benkeforslag.

— Dei som elles er så opptekne av lover og reglar gjorde eit så viktig vedtak utan å nemna det i innkallinga. Dei vedtok også at verdiane i laget skal overførast til Haldor O. Opedals fond. Dette er også i strid med vedtektene, seier Askeland til Bergens Tidende.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Han skulle løse Branns forsvarskrise. Nå er han på vei ut av klubben.

Vieux Yaya Sané har trolig spilt sin siste kamp i Eliteserien for Brann.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Smittetallene øker etter denne kvelden: – Det var svett og klamt

  2. Hvor mye plass trenger vi egentlig? Her på Laksevåg står stjerne­arkitektens svar.

  3. Fem myter om antibiotika. En av dem kvier legen seg for å avsløre.

  4. Bryggen og Torget er bilfritt denne sommaren. Så kva er det som står og stampar i kø bak bussrute 4 til Hesjaholtet då?

  5. Vennene nektes båtreise fra Bergen. – Rare regler, medgir Fjord Line.

  6. Bergens triatleter har holdt sitt nye OL-våpen hemmelig. – Fryktet at det skulle bli ulovlig.