Sprudlande musikalsk

Musikkelevane ved Voss gymnas slo Kinderegg-rekorden og sprudla seg gjennom fire musikalar på ein gong.

ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no

Miserabelt blir heilt feil karakteristikk på framsyningane i Voss kino, der «Ein ny dag» frå «Les Misérables» blir høgdepunkt rett før teppefall, sminkevask og pizza på Alpino.

Stjernedryss Sjølv Anne Berit Hodne, hovudlæraren på musikklina, synest at alt arbeidet hadde bore frukter.

– Kvifor fire kvarte musikalar, og ikkje ein heil?

– Fordi vi ville ha mange berande roller, ikkje berre eit par «stjerner» som dreg lasset, og ei masse biroller, forklarar musikklæraren som har fått god hjelp med prosjektet av kollega Alf Jansen.

Elevane på Voss vidaregåande på Bryn (yrkesskulen) har hjelpt til med dei imponerande kulissane.

Stort løft Dette er skule, blir vi minna om. Ungdom lærer seg song, musikk og scenekunst. Førebuing og framføring er eit svært prosjekt. Alle dei nær 50 elevane i første, andre og tredje klasse på musikklina er med, og ingen frå dei andre linene, same kor musikalske dei måtte vera.

Dramatimane på grunnkuset (førsteklassen) kjem til nytte i «transportetappane» med replikkar som bind dei musikalske innslaga saman.

Neppe årvisst Det er første gongen Voss gymnas gjennomfører eit slik musikkprosjekt der alle tre årskulla er med på felles løft. Anne Berit Hodne vil ikkje lova at dette skal bli like årvisst som russerevyen.

– Men eg ser gjerne at vi får til noko slikt kvart tredje år. Då vil alle elevane få vera med ein gong i løpet av sine tre år på Skulehaugen, seier Hodne håpefullt, litt småredd for at rektor Sølvberg får budsjettoverskriding å hanskast med.

Instrumentering – Største skilnaden på dette prosjektet og russerevyen er at vi legg langt meir vekt på det musikalske. Instrumenteringa er grundigare gjennomtenkt, seier Lars Nestås Mathisen, sjølvaste spelemannen på taket – som spela bratsj, i tjukkaste hardingfeleland.

– Bratsjen har ein veldig fin klang til denne oppsettinga, hevdar han. Og ingen seier imot spelemannen som ei stund la frå seg fiolinen til fordel for popmusikken. No har han fått fornuften attende, etter eiga utsegn, og spelar bratsj i orkesteret Fossegrimen.

Skifter ham Nede i garderobene er det hektisk før, under og etter framsyningane. Når innpå femti aktørar skal spela ulike roller i såpass ulike musikalar som «Annie», «Spelemann på taket» og «Les Misérables» i rask rekkefylje, må kostymeskifte og omsminking gå raskt unna.

Formaningane frå hovudlæraren er tindrande klare:

– Lov meg at de drikk rikeleg, får litt mat mellom framsyningane, men for all del ikkje røyker før den siste er over. Sår kan plastrast og bein kan spjelkast, men du kan ikkje spjelka stemma!

Ikkje langt frå A-gjeng mot B-gjeng i West Side Story. Frå venstre Yngve Høyland. Åsmund Voll Tesdal, Renate Gjerald, Jaran Lienig, Roger Lynghammer, Kristine Persen Sunde og Benedichte Maurseth.

MATRONE: Lila Grønsnes i rolla som livstrøytt barneheimsstyrar i "Annie"