Attforteljingar frå Vestlandet

Publisert: Publisert:
  • Korleis har dei fått til dette, tru? undrar ein tilskodar framfor graffitien på Preikestolen. - Har dei fira seg ned i tau?

MARIT BENDZ

ODDLEIV APNESETH (foto)

Vestlandsnaturen har fått litt medfart under årets Vestlandsutstilling, som har tittelen «Forteljingar frå Vestlandet». Men den hadde tålt meir. Det er vorte mest attforteljingar. Ikkje for det, gode historier kan gjerne forteljast opp att, det må dei også for ikkje å verte gløymde.

Heile atten av dei tjuefem kunstnarane som er representerte i år er debutantar på Vestlandsutstillinga, som opna i Førde laurdag.

By the year 2008

Dei einaste kunstnarane her som verkeleg gjev ein aning bakoversveis er Christian Bermúdez-Aguilar og Kristoffer Nilsen. Dei har henta storbygraffiti frå Oslo og New York og plassert den på grå, norske fjellvegger. Dei to unge kunstnarane har nok ikkje gjort det heilt på ordentleg, men det gjer ingenting. Berre tanken er fantastisk.

— Eg budde ein sommar i Fjærland, fortel Bermúdez-Aguilar, opphavleg frå Costa Rica. Det var i seg sjølv eit ekstremprosjekt, han jobba på Bremuseet og kunne ikkje eit ord norsk. Frå vindauget der han budde såg han rett i fjellveggen.

— Men eg såg også ungdomane i Fjærland, som hadde alt for lite spelerom, ingen plass å uttrykke seg. Dei berre køyrde alt for fort med bil og gjekk på fest. Samstundes låg dei enorme, ubrukte fjellveggene der og lokka. I byar vert veggene tekne i bruk, som eit middel til å vise seg fram, seier amerikanaren som er student ved Oslo Kunsthøgskole.

— Det er symbolsk, da. Vi er eigentleg ikkje så opptekne av graffiti, understrekar Nilsen. Poenget er å syne korleis den norskaste av det norske - fjorden - møter det subkulturelle og det internasjonale. Eller det kan like godt illustrere innvandrarane sitt møte med Noreg.

«By the year 2008 no fjord will be without graffiti» er tittelen på dei tre bileta, som har kludra til glansbilete av norske fjordar og fjell. Preikestolen og året 2008 er ikkje vald tilfeldig, då vert Stavanger kulturby.

— Eit lite spark, smiler Nilsen som absolutt ikkje vil vere opprørsk. Så er han og til dagleg deskjournalist i Vårt Land. Dei er førebels ikkje meld til politiet slik filmskaparane av «Grovt skadeverk - fuck Oslo Sporveier AS» vart. Men det kan jo hende nokon finn inspirasjon til handling i bileta?

— Då vert vi sikkert meld, flirer Nilsen.

Idear i skodda

Fascinerande er det å ta på seg 3D-briller og gå forbi dei tredimensjonale trickster-bileta - eller «lurendreierbileta» - til Andrea Sunder-Plassmann, Berlin og Trond Lossius frå Bergen. Sistnemnde stod for lyden som ikkje var der. Sjølv meier dei at 3D-teknikken er eit viktig bidrag til historia om rebellar og dei som har gjort opprør mot autoritetar. Biletet lurer deg. Jenta som sit så yndig med blomane ikkje berre følgjer deg med blikket, ho følgjer deg med heile kroppen, vrir seg i di retning. Så er det likevel berre eit bilete.

Ein anar mange gode idear kring Vestlandstemaet, men noko vantar - kanskje dei store ahaopplevingane. Eit døme er videoen «Herrlich» av Arne Rygg frå Randaberg, som er ein presentasjon av glorete solskinsbilete og tekstar på tysk og engelsk plukka frå turistbrosjyrar. Det er vanskeleg å skilje videoen frå ein ekte turistvideo, og ironien vert på eit vis borte. Også fotografen Jens Hauge frå Lærdal har gripe fatt i turistblikket. I ein serie på seks bilete syner han turisten som skal fotografere ein fantastisk Vestlandsnatur, men motivet forsvinn sakte, men sikkert i eit skoddehav.

Dramatikken i vestlandsnaturen står i skarp kontrast til den keisame bilturen langs smale og svingete vegar, illustrert gjennom barneauge frå baksetet i «Vestland 2000» - djuptrykk/teikningar basert på foto av Rita Marhaug frå Bergen. Dei to siste formidlar paradoksa i dei «våte, ville og vakre».

Ulike blikk

Forteljingar frå Vestlandet er ei kuratorutstilling, som inneber at to kunstnarar har ansvaret for å plukke ut kunstverka ut ifrå eit oppgjeve tema dei sjølv har føreslått. Ideen var å sette saman eit variert uttrykk av Vestlandet i dag, ved hjelp av mange ulike røyster, med ulike teknikkar og føresetnader. Saman vil dei kunne seie noko om røynda i 2005.

— Dialogen mellom dei ulike bileta er viktig, seier Aage Langhelle, som saman med Annette Kierulf har hatt den kunstnariske leiinga. Dei har lagt vekt på breidda i forteljarstemmene, med både dei som har budd her heile livet, dei som kjem utafrå og dei som har reist ut. Både endringane i industrien og kulturen, ulike blikk på naturen - det skremmande, det nasjonalromantiske og turistblikket er viktige element.

Det var ei vanskeleg oppgåve å velje ut arbeida av dei totalt 115 kunstnarane som hadde sendt inn.

— Sjølvsagt skulle vi gjerne hatt eit enda større materiale å velje ut ifrå, men slik vil det alltid vere, seier Kierulf. Dei tykkjer likevel at dei hadde eit godt grunnlag til å presentere eit variert bilete av Vestlandet i dag.

Memorandum

Vestlandsutstillinga 2005 vart offisielt opna av tidlegare kulturdirektør i Sogn og Fjordane, Lidvin Osland, som nytta høvet til å fortelje korleis han etter 1979 klarte å få utstillinga permanent til Førde - tidlegare stogga den her berre av og til.

I eit hjørne av galleriet står eit respatexbord og fire stolar under ei knall raud plastikklampe. På bordet ligg ein memokortstokk. To og to kort høyrer saman. Eitt bilete frå Bergen, eitt frå Kristiansand. Jorunn Abusland voks opp med utsikt til Varoddbrua i Sørlandsbyen, flytta til Bergen og fekk sjå Askøybrua utafor glaset. Slikt vert det assosiasjonar, kortspel og kunst av. Ein Sørlandsbenk og ein Vestlandsbenk. To tre. To gjerde. To hus nedgrodd av villvin.

— Før var Vestlandsnaturen berre hesleg. Først kring 1840 vart den vakker, seier Øystein Ørjasæter i Førde Kunstlag, medan han prøver å lære memoreglane av Abusland. Det er like vanskeleg som for ein kunstnar å overgå venleiken og villskapen til Vestlandsnaturen. Den vil truleg alltid vere tøffare og råare enn einkvar kunstnar.

MANGFALD: Mange ulike forteljarrøyster uttrykker «Forteljingar om Vestlandet», men kunstnarane kunne gjerne tukla enda meir med førestellingane våre om landsdelen.

TREDIMENSJONALT: «Trickster: Paula» av Andrea Sunder-Plassmann vrir seg mot deg, kjem ut av ramma og er berre juks.

Publisert: