Tidlegare i haust blei det kjent at Bergen kommune i neste års budsjett planla å kutta støtta til Bergenfest ned frå éin million kroner til ein halv million. På ein pressekonferanse i regi av kommunen blei det i dag morges annonsert at støtta er tilbake der ho var i fjor.

Festivalsjef Frank Nes er naturleg nok fornøgd med kommunen sin retrett.

— Dei ser kanskje at me fortener det. Så enkelt er det.

Nes seier han ville ha vore overraska om politikarane ikkje hadde kome fram til konklusjonen om å vidareføra støtta.

— Heile saka har tatt frykteleg mykje tid og krefter for alle involverte i festivalen. Det har vore ei utruleg slitsam sak, der både truverdet vårt og integriteten vår er blitt stilt spørsmål ved. Eg er glad og letta for at det no er på plass igjen, seier han.

- Naudsynt for kvalitet

Rundt 30.000 menneske løyste billettar til den fire dagar lange festivalen på Bergenhus festning i sommar, der artistar som Robert Plant, ZZ Top, Lana Del Rey og John Mayer stod på plakaten.

Då det i september blei annonsert at kommunen planla kutta, uttalte Nes til BT at han var sjokkert.

— Det ville ha gjort eit stort innhogg i økonomien vår. Den offentlege støtta er òg helt naudsynt for at me skal kunna operera på eit høgt kvalitetsmessig nivå når det kjem til artistar, seier han no.

Allereie er det annonsert at artistar som Jackson Browne og Patti Smith speler på festivalen neste sommar.

Var i møte

Kor tid etter at kuttplanane blei annonsert i haust, var Frank Nes i møte med kulturbyråd Helge Stormoen (Frp).

— Eg forklarte saka slik me såg ho.

— Trur du møtet kan ha spelt inn på den nye avgjersla?

— Eg håpar det - me la iallfall fram dokument som viste at Bergenfest ikkje er noko gullkanta affære.

Festivalen hadde i 2013 eit overskot på 62.000 kroner, men var året før fleire millionar i minus.

Det har til no ikkje lukkast BT å få ein kommentar frå kulturbyråden.