Patrioten

Plutseleg, når du trudde okkulte nazistar var vekke frå filmverda…

Publisert Publisert

UKLANDERLEG KLESSMAK: Nazistane i Hydra er kanskje onde, men motesans har dei. Foto: FILMWEB

  • Andreas Hadsel Opsvik

Steve Rogers er ein patriot som vil kjempe for sitt fedreland under andre verdskrig. Då er det berre synd at hans spede kropp — fylt med astma og andre fysiske plager — ikkje akkurat er soldatmateriale. Snart viser det seg at den einaste måten han kan få delta på, er som prøvekanin i eit eksperiment for å skape supersoldatar. På det europeiske kontinentet — i Tønsberg av alle stader — har ein divisjon nazistiske forskarar funne ei tilsynelatande utømmeleg energikjelde. Og vips, er Captain America født.

Det er veldig lett å kaste eit raskt blikk på Captain America, og tenkje at dette er ein rein propagandafilm for det storslåtte og patriotiske ved USA. Filmen visar teikn til dette, men gjer det med glimt i auget, spesielt i scenene der Captain America sjølv vert brukt som propaganda — for å selje krigsobligasjonar og for å merkevare krigen for den amerikanske marknaden. Ikkje akkurat det han hadde tenkt seg når han vart supersoldat.

Superheltfilmar dei siste åra har gjerne vore av dei mørkare, meir realistiske typane. «Captain America» er kanskje eit teikn på ein sving tilbake til meir barnsleg entusiasme for heltane våre. Regissør Joe Johnston har vore i dette området før, med «The Rocketeer» frå 1991 — ein film med fleire parallellar til denne: Menn er menn, kvinner er i hovudsak kvinner, og skurkar er tvers gjennom onde.

Og er det ein person som verkeleg kjem til sin rett her, så er det filmens skurk. Det eksisterer ikkje det menneske på jorda som kan smile like ondskapsfullt som Hugo Weaving, og han utnyttar dette til det fulle som stormannsgale Red Skull. Som arketypisk «bad guy» fell han inn i ei lang rekke med okkulte nazistar som er meir oppteken av det okkulte enn av nazismen. På motsett side av typeregisteret står blonde, kraftige Chris Evans som Captain America. Rolla hans er nesten klissete medynksam til tider, men han redder det inn med sjarm og godt manus. Kvar skurk må ha sitt motstykke, og Chris Evans gjer seg i ei slik type rolle.

Som dei fleste store superheltfilmar er spesialeffektbudsjettet på storleik med statsbudsjettet til ein liten karibisk øystat (i dette tilfellet, monarkiet Saint Lucia). Dette er ikkje vanskeleg å sjå. Mesteparten av pengane har nok gått til filmens førstedel, då andletet til Chris Evans i ein lengre periode er automagisk limt på kroppen til ein mykje spedare figur. I hovudsak ser filmen bra ut, godt hjelpt av nydeleg produksjonsdesign. «Captain America» stikk seg ut i ei masse av grågrøne filmar på same måte som «X-Men: First Class» gjorde det. Herleg retro!

Første halvdel av filmen er nydeleg oppbygd, især samhaldet mellom Steve og militærforskaren som tek han under vingen er godt beskrive. Mot midten ser ein òg ymt av kjærleik for Steve. I andre halvdel av filmen vert rytmen plutseleg nedtynga av store actionscener. Dette er pent å sjå på, men eg saknar menneska midt oppi alt dette. «Captain America» får og eit lag med soldatar ein stad her, men mellom eksplosjonar og montasjar får ein aldri heilt grep om kven dei er, til trass for at dei alle verkar å ha velutvikla personlegheiter ein eller anna stad. Saman med det gjenhengande potensialet av kjærleiksforholdet til kapteinen sjølv, er dette manusets svakare sider. Det er ikkje øydeleggjande, men det får meg til lure på kva eg kunne ha enda opp med dersom ein eksplosjon eller to hadde blitt bytt med litt eksposisjon.

Trass dette, Joe Johnston har bidrege med den beste Marvel-filmen sidan «Iron Man». «Captain America: The First Avenger» er ikkje særleg utfordrande eller nyskapande, men det er to velbrukte timar i kinosetet, som roper bakover til «Indiana Jones», «Jurassic Park» og andre vellukka sommarfilmar. Diverre vert nokre av filmens særeigenheiter nedtona, grunna alle mytologiane filmen må flette seg inn i.

Neste sommar kjem nemleg «The Avengers», der Buffy-skaper Joss Whedon tek over registolen. Om du vil sjå ein smakebit på den, bli igjen til etter rulleteksten.

Publisert