Kjersti Mjør vann nynorskpris

– Takk, Ivar Aasen, seier Kjersti Mjør.

GLAD PRISVINNAR: – Eg er utruleg glad og stolt over å få ein slik viktig pris, seier Kjersti Mjør i ein kommentar til BT. Paul S. Amundsen

Juryen for Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar har gitt prisen for 2019 til Kjersti Mjør i Bergens Tidende.

– Kjersti Mjør har ei særeiga journalistisk stemme som har sett sterkt preg på Bergens Tidende gjennom mange år. Sakene hennar er prega av stor varme for menneske, nysgjerrigheit og humor, skriv juryen i grunngjevinga for at Kjersti Mjør får Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2019.

– Eg er utruleg glad og stolt over å få ein slik viktig pris, seier Mjør til Bergens Tidende.

Les også

Bortført

Klart og presist

Juryen skriv at språket til Mjør er klart og presist. Ho får fram dramatikk og kjensler utan store ord og utbroderingar. Setningane er ofte korthogde med litterære kvalitetar.

– Å lese ei langsak av Kjersti Mjør, kan kjennast som å lese ein liten roman, seier juryen.

Programleiar i TV 2, Solveig Barstad, er leiar av juryen. Andre jurymedlemmar er språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk ved Det Norske Teatret og professor Øystein A. Vangsnes, ved Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet. Det går fram av ei pressemelding frå Kulturdepartementet.

– Ei særleg evne

«Eit særleg kjennemerke ved Mjørs journalistikk er at ho går djupt inn i historiene sine og stiller viktige spørsmål.

Der andre journalistar stoppar når aktualiteten har gitt seg, har ho fleire gonger gått vidare og utforska historia bak historia. Ho har ei særleg evne til å skildre folk og deira liv og lagnader, » skriv juryen.

Les også

Ein død baby. Ei desperat tenestejente. Ei ny avis som fordømde henne.

«Ingen skildrar vestnorsk liv som Kjersti Mjør. Ho får tagale hardingar i tale. Ho får tytete bergensarar til å tenkje. Og etterpå skapar ho ordkunst av det ho finn og gjer historiene nære og relevante for alle,» seier juryen som karakteriserer prisvinnaren som ein av landets beste portrettørar.

Audmjuk

Kjersti Mjør kjenner seg audmjuk over å få denne prisen.

– Det er veldig stas og eg kjenner meg stolt når eg ser kva rekke av dyktige journalistar som har fått prisen før meg. Takk, Ivar Aasen, seier no eg, for at vi har eit språk å skrive på. Eg kjenner òg på gleda over å kunne jobbe i ei avis der eg kan bruke språket mitt og skrive slik det er naturleg for meg. Det er ikkje sjølvsagt, seier Mjør.

Fyrste nynorskprisen

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er den fyrste journalistprisen Mjør får for nynorsken sin. Ho har fått journalistprisar før, og då har ho merka at folk automatisk trur at det er nynorskprisar. Fordi ho skriv nynorsk. Ho seier ho har likt å få prisane for journalistikken sin i konkurranse med dei som skriv bokmål, og ikkje bli sett i bås som nynorskjournalist.

Les også

Ein av oss

– Kjennest godt

– Men no kjennest det godt å få denne flotte prisen. Fordi han er viktig. Alle vi journalistar som skriv nynorsk i dag, må vere oss medvitne om at vi står på skuldrene til Aasmund Olavsson Vinje og alle andre kvinner og menn som har bana vegen for nynorsk som ein naturleg del av mediekvardagen til folk. Vi er dei stor takk skuldige, slår ho fast.

Prisvinnaren er fødd i 1965 og kjem frå Kvanndal i Granvin. Frå 1989 til 1997 arbeidde ho i NRK Sogn og Fjordane, NRK Hordaland og NRK P2 og har no vore journalist i Bergens Tidende i over 20 år.

– Hjartespråket mitt

– Kva betyr nynorsken for deg?

– Når du jobbar som journalist på Vestlandet er det mest naturleg og enkelt å attgje folk på det språket som ligg nærast målet dei snakkar. Dessutan er nynorsken hjartespråket mitt og det eg skriv best på, seier Mjør, som for tida har permisjon frå Bergens Tidende for å skrive bok.

Les også

Eg kjem frå ein metropol. Eg vaks opp på ein ferjekai på Vestlandet.

– Draumejobben

I grunngjevinga frå juryen står det òg at eit kjennemerke ved Mjørs journalistikk er at ho går djupt inn i historiene sine og stiller viktige spørsmål. Der andre journalistar stoppar, går ho vidare.

– Kva er drivkrafta for deg som journalist?

– Det er å fortelje dei gode historiene. For meg er det draumejobben å reise rundt på Vestlandet og møte folk. Det er drama nok her for meg, seier Kjersti Mjør.

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er på 50.000 kr og eit kunstverk. Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 14. juni.