Ikkje som andre millionærar

Lotto-millionær Tord Oksnes (19) frå Austevoll imponerte «Idol»-dommarane.

  • Harald Espeland
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over åtte år gammel

I september vann nittenåringen Tord Oksnes 12,1 millionar i Lotto. En knapp månad seinare stilte han på audition til «Idol» i Bergen. Det gjekk bra.

— Eg gjekk vidare, seier den sindige Lotto-millionæren frå Austevoll. Etter storvinsten heldt han fram i jobben som lærling i Austevoll kraftlag.

Dommarar: Litt kjedeleg

Eit einstemmig dommarpanel sende austevollingen vidare etter at han hadde sunge for dei i Bergen.

Les også

På shopping med 12,2 millioner

Les også

Pappa vant først

— Dei sa eg var flink å syngja, men at eg kanskje var litt kjedeleg, seier den ferske «Idol»-deltakaren.

- Kvifor ville du melda deg på?

— Ei venninne melde meg på. Det er kjekt med litt erfaring - ei kjekk oppleving, seier mannen som passande nok spelte låten «Simple Man» av Lynyrd Skynyrd framfor dommarane.

Speler i tre band

Austevollingen har spelt gitar sidan han var i tolvårsalderen. Faren lærte han dei første grepa, før han lærte seg resten sjølv. No speler han i tre band i heimkommunen - Bohica, The Freestyle Movement og eitt som ikkje har fått namn endå.

— Bohica speler coverlåtar på pubar og slikt, medan me i The Freestyle Movement driv og lagar eigne songar. Me skal spela eit par av dei inn i studio i februar, før me skal varma opp for Razika på Austevoll seinare. I det utan namn speler me akkurat det me føler for - mest rock, seier millionæren som har Foo Fighters som det soleklare favorittbandet.

Og korleis det gjekk med han vidare i «Idol» - det vil han ikkje ut med.

— Eg har ikkje lov å seia noko om det - eg har skrive under ein kontrakt, seier nittenåringen.

Kva synest du om Tord Oksnes sin «Idol»-audition? Bruk kommentarfeltet.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les videre

  1. På jobb som vanlig
    Med mange millioner på konto. - Gjelder å holde beina på bakken.

    Les hele artikkelen

BT anbefaler

– Urovekkende høye tall

Nye tiltak i Bergen.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Brann i flere grillhytter: – Vi var bekymret for at ilden skulle nå skogen

  2. Sykehjem har ansatte som fortsatt ikke er vaksinert

  3. – Flere tiltak kan bli nødvendig på kort varsel

  4. Svarer om forholdet til fansen

  5. Besøk, sykehjem og utesteder – disse reglene gjelder fra fredag

  6. Amerikansk konsept har inntatt Bergen sentrum: – Uventede kombinasjoner imponerer