Dårleg tilrettelagt meisterkupp

Bygningskupp med feil fokus.

Publisert Publisert

NY KUPPFILM: Eddie Murphy og hans kumpanar skal uføre eit kupp mot finansmannen Arthur Sway (Alan Alda). Men filmen skulle gjerne hatt meir av Alan Alda, og mindre Eddie Murphy, meiner BTs meldar. Foto: FILMWEB

  • Andreas Hadsel Opsvik
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

Eg har alltid hatt sansen for heist-filmen. Eg er glad i planlegginga og den sirlege utføringa av planar. Blåkopiteikningar av bygningsplaner og synkronisering av klokker. Kanskje er det eit rop tilbake til Olsenbanden-filmane på VHS som var med på å skape filminteressa mi, men det er i alle tilfelle ei form for forteljing eg pleier å falle lett for. I filmverda likar eg at meisterkuppet er tima og tilrettelagt.

"Tower Heist" tek meisterkuppet til finanskrisetida, og set staben i ein luksusskyskrapar opp mot Artur Sway (Alan Alda) – eigaren av toppleilegheita. Han er mellom anna skulda for å ha svindla vekk heile pensjonsfondet til tårnets tilsette. Husets daglege leiar – Josh Kovacs (Ben Stiller) – set si ære i å få tilbake pengane. Og etter eit tips om at det skjuler seg 20 millionar dollar i den toppsikra leilegheita nyttar han all sin kunnskap om husets rutinar til å rane sitt eiget domene. Dog, sjølv om dei kjenner huset godt, er ikkje laget hans akkurat meistertjuvar.

Filmen har eit rikt rollegalleri, og verkar å vere ein klassisk film som ein skodespelar som Ben Stiller kan kose seg i – og det gjer han. Alan Alda gjer òg ei fantastisk rolle som den karismatiske Sway, som ein aldri heilt vert sikker på om er skuldig eller ikkje. Men, eg skulle ønskje at det var meir fokus på sjølve ranet, og på Alan Aldas rolle – dei to elementa som kunne ha bringa denne filmen til eit høgare nivå.

I staden nyttar den uhøvisk lang tid på å byggje opp alt anna enn ranet, og især på å introdusere og gi Eddie Murphy sin karakter til kjenne. Det er tydeleg at nokon har bestemt seg for å trekkje Eddie Murphy ut av 90-talet, sjølv om han knappast har vore relevant sidan den tida.

Denne sakte oppbygginga gjer til at filmens første del kjennest veldig langsam og drege ut. Sjølv den underhaldande slutten klarar ikkje å gjere opp for dette.

Regissør Brett Ratner har variert stort opp gjennom åra. Siste nytt om mannen er at han vart sparka frå å regissere Oscar-festen etter at han tilsynelatande skal ha sagt at "øving er for homser". Vel, er det ein ting ein god tjuv skal vite, så er det faktisk at "øving gjer meister". Kupp som dette er ikkje noko for hengerumper.

Er du enig med vår anmelder?

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. Politiet må slutte å ta førerkortet fra hasjbrukere

  2. Løvstakktunnelen og Damsgårstunnelen var stengt tirsdag morgen

  3. Sjekk idrettens plan for Slettebakken

  4. For 131 år siden var det et luksushotell. Et samboerpar på jobbjakt har lagt store planer.

  5. Klager på russefest i Fana: – Litt må de få lov til

  6. Magne gikk tom for strøm – ble nektet på bussen

  1. Filmanmeldelse
  2. Film